Lektor i samfunnsfag - sosiologi (integrert master)

Det er viktigare enn nokon gong med gode lærarar i samfunnsfag i skulen. Med lektorutdanning i sosiologi kan du hjelpe elevane å forstå samfunnet dei lever i, i ei tid med store forandringar.

Kva lærer du?

Dette programmet er for deg som vil bli lærar og undervise på ungdomstrinnet eller i den vidaregåande skulen. Faget sosiologi gir deg undervisingskompetanse i samfunnsfag. I tillegg vel du eitt av faga: nordisk, eit språkfag, historie, eller religion. Du får kompetanse til å undervise i dette faget òg. Du fordjupe deg og skriv masteroppgåve i sosiologi.  

I sosiologifaget lærer du om relasjonar mellom menneske, både på fleire nivå. På programmet diskuterer vi spørsmål som: Kva er bakgrunnen for og konsekvensane av

  • aukande sosiale forskjellar
  • klimakrise
  • kjønnsforskjellar
  • migrasjon
  • globaliseringsprosessar
  • og mykje meir.

I tillegg til fagleg kompetanse får du kunnskap om kva som skaper god læring og undervising. Kva gir den beste læringa i dei faga du skal undervise i og for den aldersgruppa det gjeld? Dette får du svar på i faga pedagogikk og didaktikk og gjennom praksis.

Studiekvardag

Lektorprogrammet er bygd opp med fagspesifikke emne i sosiologi og for faget du vel som fag 2. I tillegg tek du emne i didaktikk og pedagogikk. I den fagspesifikke undervisninga i sosiologi går du saman med studentar i bachelorprogrammet eller masterprogrammet i sosiologi. Pedagogikkundervisinga går saman med studentar frå andre lektorprogram, medan didaktikken er særskild for lektorprogrammet i sosiologi.  

Du får fire praksisperiodar gjennom studieløpet, til saman 100 dagar inkludert føre- og etterarbeid. Du vil planleggje og gjennomføre undervising alene og i samarbeid med medstudentar. Praksis er obligatorisk.  

Vi stiller krav om at du er sjølvstendig og tek ansvar for di eiga læring. Du vil delta i ulike læringsaktivitetar, som førelesingar og seminar, og vil jobbe med skriftlege og munnlege presentasjonar og oppgåver.

Kva kan du jobbe som?

Som lektor i ungdomsskulen eller i vidaregåande skule gjer du ein viktig innsats ved å bidra til å utdanne kunnskapsrike, kritisk tenkande samfunnsborgarar. Lektorjobbar er trygge og familievennlege, og det er mogleg å få jobb over heile landet. 

Sosiologi gir deg undervisingskompetanse i følgjande fag: 

  • Samfunnsfag (ungdomstrinnet)
  • Samfunnskunnskap (Fellesfag, VGS)
  • Sosiologi og sosialantropologi (Programfag, VGS)
  • Sosialkunnskap (Programfag, VGS) 
  • Politikk og menneskerettigheiter(Programfag, VGS)

Utdanninga kan òg gi grunnlag for anna arbeid.

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 50.5
Primær kvote: 49.6

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: LÆRALT

Ved opptak til studiet må du legge fram politiattest.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Lektorutdanning med master i sosiologi har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år. Studiet er bygd opp med ein bestemt progresjon frå første til tiande semester:  

I første semester får du ein introduksjon til faglege og pedagogiske perspektiv, ved sida av examen philosoficum (ex.phil). Du har òg di første praksisperiode i skulen.I andre semester får du ei breiare innføring i sosiologisk teori og metode. I tredje semester får praksis i skulen, som er kombinert med fagdidaktikk i fag 1. I tredje og fjerde semester skal du òg ta emne i fag 2. I femte semester kjem første langpraksisperiode på 35 dagar, som blir kombinert med emne i fagdidaktikk og pedagogikk, og med eit sosiologiemne tilpassa langpraksis. 

Sjette semester er det siste semesteret på bachelornivå, der du får fagleg fordjuping gjennom fokus på sosiologisk teori og metode og arbeid med bacheloroppgåva i fag 2. 

I sjuande og åttande semester (masternivå) får du meir fagleg fordjuping (teoretisk og metodisk) og pedagogisk teori og praksis. Dette gir deg eit grunnlag for sjølvstendig arbeid med masteroppgåva og utvikling av fagleg modning mot slutten av studiet. 

Niande og tiande semester skriv du masteroppgåva di.  

1. semester  

Examen philosophicum – seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)

SOS100B – Innføring i sosiologi (10 studiepoeng)

PEDA130 – Innføring i pedagogikk for lektorstudentar (10 studiepoeng) (med integrert praksis, 10 dagar)

2. semester 

SOS121 – Klassisk sosiologiske teoriar (10 studiepoeng)

MET103 – Kvalitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)

Valemne i sosiologi (10 studiepoeng) 

KPDAG1 og KPDAG2

3. semester 

Emne i fag 2 (20 studiepoeng)

SAKDI100-P – Samfunnskunnskapsdidaktikk 1 (10 studiepoeng) (med integrert praksis, 10 dagar)    

4. semester 

Emne i fag 2 (30 studiepoeng)

KPDAG3 og KPDAG4

Mogleg å reise på utveksling, om det er høve til det i fag 2

5. semester 

SOS122 – Nyare sosiologiske teoriar (10 studiepoeng)  

PEDA131 – Læreplan og undervising (10 studiepoeng)

Fagdidaktikk fag 2 (10 studiepoeng) 

LANGPRAKSIS1 – Første langpraksisperiode (35 dagar)

KPDAG5-HFSV

6. semester  

SOS203 – Sosiologisk forsking: Teori og metode (10 studiepoeng)

MET104 – Kvantitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)

Bacheloroppgave fag 2 (10 studiepoeng)

Mogleg å reise på utveksling

7. semester 

SOS304 – Metode - kvalitative tilnærmingar (10 studiepoeng)

SOS302 – Sosiologiske teoritradisjonar (10 studiepoeng)

SOS303 – Metode - statistisk analyse (10 studiepoeng)  

KPDAG6 og KPDAG7 

8. Semester  

PEDA132 – Lærarprofesjonalitet (10 studiepoeng)  

SAKDI300 – Samfunnskunnskapsdidaktikk 3 (10 studiepoeng)  

SOS340 – Prosjektutvikling (10 studiepoeng)

LANGPRAKSIS2 – Andre praksisperiode (35 dagar)

KPDAG8-HFSV

9. og 10. semester  

SOS360 – Masteroppgåva (60 studiepoeng) 

KPDAG9-10

 

Tatt opp på lektorprogrammet før 2024? Sjå oppbygging her.

Utveksling

Det blir anbefalt å dra på utveksling i fjerde eller sjette semester. UiB har utvekslingsavtaler med mange universitet i Europa og elles i verda. Utveksling må planleggast i god tid og vi hjelper deg med dette.  

Vidare studiemoglegheiter

Om du vil å utdanne deg vidare, kan du ta en phd-grad i sosiologi.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 90 30
E-post: studieveileder.sos@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Lektorutdanning med master i sosiologi