Medier og kommunikasjon, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar25
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Etter fullført mastergrad har du eit solid fagleg grunnlag for arbeid med media og kommunikasjon i dei fleste samfunnssektorar. Masterstudiet gir deg kunnskap, ferdigheiter og kompetanse til å møte komplekse, faglege problemstillingar:
- Du forstår kva rolle og betydning media og kommunikasjon har for samfunnsutviklinga
- Du kan bruke relevante teoriar og metodar til å analysere aktuelle medie- og kommunikasjonsfaglege problemstillingar
- Du kan bruke kunnskapen til praktiske problemstillingar, utfordringar og moglegheiter innan arbeidsliv, teknologi og samfunn
- Du kan ta del i nytenking og strategiutvikling i media, kommunikasjons- og kulturbedrifter og organisasjonar
Meir informasjon under
Master i medier og kommunikasjon
Studiekvardag
På masterprogrammet har vi eit godt og inkluderande studentmiljø, og faste lesesalplassar.
Studiet har fleire undervisningsformer, blant anna forelesingar, laboratorium, praktiske øvingar og arbeid i seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
I løpet av studiet tar du eit praksiskurs, der du skal arbeide i ei bedrift og få erfaring med kva type oppgåver medie- og kommunikasjonsvitarar kan utføre i arbeidslivet.
Masteroppgåva brukar ein normalt eitt år på å fullføre. Du vil få tildelt ein rettleiar, som er ein vitskapleg tilsett med fagleg spisskompetanse knytt til ditt masterprosjekt. Rettleiaren vil gi deg tips og råd om fagleg innhald, frå du startar å skrive oppgåva til ferdig produkt.
I tillegg vil du kunne samarbeide med forskingsgruppene på instituttet, og vere tilkopla pågåande forskingsprosjekt.
Tidlegare masteroppgåvetema har blant anna undersøkt betydninga av kunstig intelligens for journalistikken, media si dekning av klimakrisa, samanhengar mellom kjønn og dataspel, nyheitsbruk og sosiale medium, og framstillingar av abort i film.
Kva kan du jobbe som?
Masterstudiet i medium og kommunikasjon gir kompetanse til å arbeide innan både privat og offentleg sektor, i medieføretak, organisasjonar og kulturlivet. Med denne mastergraden kan du blant anna få jobb innanfor
- medie- og kommunikasjonssektoren
- kultursektoren
- offentleg sektor
- næringslivet
- forsking
- undervisning
Det er stor variasjon i kva yrke du kan få, men nokre eksempel er
- kommunikasjonsrådgjevar
- journalist
- medieanalytikar
- innhaldsprodusent
- kulturarbeidar
- forskar
- medielærar
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Masterstudiet i medium og kommunikasjon er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Det første året tar du ulike emne (fag), og det andre året skriv du masteroppgåve.
1. semester
Du vel to av desse emna:
- MEVI301 Det globale medielandskapet (15 studiepoeng)
- MEVI302 Avansert mediebruksanalyse (15 studiepoeng)
- MEVI303 Film, TV og visuell kultur (15 studiepoeng)
- MEVI304 Politisk og strategisk kommunikasjon (15 studiepoeng)
2. semester
I vårsemesteret skal du ta tre emne. Eitt obligatorisk og to valfrie forskingsemne:
- MEVI340 Prosjektutvikling (10 studiepoeng). Obligatorisk.
- Forskingsemne vårsemesteret 2024 (nye tema kvart år). Vel to:
3. og 4. semester
I løpet av desse semestera skriv du masteroppgåve.
- MEVI350 Masteroppgåve i medier og kommunikasjon (60 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje lagt opp til at studentar kan reise på utveksling i løpet av dette masterprogrammet.
Vidare studiemoglegheiter
Du kan ta doktorgrad (ph.d.) ved å søke opptak til forskarutdanninga.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 98 50
E-post: studieveileder.media@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.