Samanliknande politikk, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar31
- Karakterkrav3,0
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Poengrense norsk opptak | |
2022 | 3,22 |
2023 | 3,22 |
2024 | 3,28 |
Kva lærer du?
Masterstudiet lar deg fordjupe deg i samanliknande politikk-greina av statsvitskapen frå første dag, og er konsentrert om retninga der samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt.
Studiet tar for seg eit breitt spekter av teoretiske, metodiske og empiriske tema. Som masterstudent kan du bruke dine analytiske ferdigheiter til å analysere ei rekke former for kvalitative og kvantitative data i landsspesifikke studium, og på breie tverrnasjonale studium.
Instituttet har lange tradisjonar for internasjonal verksemd og har mange gode utvekslingsavtalar rundt om i verda, blant anna med University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA, der instituttet sin utvekslingsavtale sikrar studentane ekstra økonomisk støtte.
Les meir om korleis det er å vere student på Institutt for samanliknande politikk
Masterprogrammet legg vekt på opplæring i forskingsdesign og forskingsmetodar (kvalitative, kvantitative og blanda). Vi bruker særleg komparativ metode og multivariat dataanalyse – og du får opplæring i det avanserte statistikkprogrammet R.
Studiet vil gi deg
- forståing for komplekse samfunnsprosessar og solide metodekunnskapar slik at du kan gjere komplekse og vitskaplege analysar
- grundig metodekunnskap og kunnskap om metodeverktøy, kritiske og analytiske ferdigheiter
- evner til å bruke systematiske analytiske reiskapar og arbeidsmetodar
Studiekvardag
Dette er eit krevjande fulltidsstudium med tilnærma fulle arbeidsveker. Du må rekne med mykje sjølvstudium og rundt 6-8 timar undervisning kvar veke. Den vanlegaste undervisningsforma på studiet er seminarundervisning i mindre grupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du får tilgang til arbeidsplass på eigen lesesal for studieprogrammet.
Som masterstudent får du god oppfølging av rettleiaren din. Du vil òg bli involvert i ei forskingsgruppe med dei vitskaplege tilsette både gjennom valemne og aktiv gruppedeltaking i arbeidet med masteroppgåva. Masterstudentane vert raskt godt kjent med medstudentar og dei tilsette.
Instituttet har ein eigen kodeklubb som er eit fagleg-sosialt møtepunkt tidleg i studieløpet, og som hjelper deg med statistikkprogrammet R.
Det er eit godt miljø på faget med mykje sosialt du kan velje å vere med på. Masterstudentane har eit eige Masterutval som står bak ulike faglege og sosiale arrangement gjennom semesteret. Blant anna arrangerer masterstudentane Sampolkonferansen annakvart år.
Meir informasjon under
SampolMaster 16-9
Tidligare masteroppgåver i samanliknande politikk
Kva kan du jobbe som?
Med ein mastergrad i samanliknande politikk får du metodekunnskapar og analytiske ferdigheiter, kvalifikasjonar som er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Både offentleg og privat sektor kan vere aktuelt.
Du kan arbeide
- i offentleg forvalting, frå kommune til departement
- i organisasjonar og sivilsamfunn
- i utanrikstenesta og internasjonale organisasjonar
- i skoleverket, høgare utdanning og forsking
- med utgreiing og analyse, og med informasjons-, journalist- og kommunikasjonsarbeid
Les kva tidlegare studentar seier om jobbane dei har fått
Meir informasjon under
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Masterstudiet i samanliknande politikk er eit toårig fulltidsstudium som startar i august.
1. semester
- SAMPOL305 Multivariat dataanalyse (15 studiepoeng)
- SAMPOL306 Masterseminar i samanliknande politikk (15 studiepoeng)
2. semester
- SAMPOL307 Forskingsdesign og kvalitative metodar (10 studiepoeng)
- Valfritt emne (10 studiepoeng)
- Valfritt emne (10 studiepoeng)
Det vert normalt tilbydd fem valfrie emne i andre semester. Dei valfrie emna er knytt til forskingsgruppene og utgjer eit breitt tilbod innan faget. Det er moglegheit for å reise på utveksling i andre semester.
3. og 4. semester
- SAMPOL350 Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Du vel sjølv tema for masteroppgåva.
Utveksling
Utveksling gir deg nye perspektiv, moglegheit til å lære språk og få internasjonal erfaring, noko som vert verdsett av mange arbeidsgjevarar. Du vert oppmoda til å reise på utveksling i andre semester. På utveksling tar du emne til erstatning for valfrie forskingsemne, samt erstatning for eller ein tilrettelagt versjon av Forskningsdesign og kvalitative metodar.
På masterprogrammet kan du søke om utveksling til blant anna University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA, der instituttet sin utvekslingsavtale sikrar studentane ekstra økonomisk støtte.
Instituttet hjelper deg med å finne utdanningstilbod hos våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Du kan søke om å ta doktorgradstudiet (ph.d.).
Du kan bli lektor om du tar eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir undervisningskompetanse i samfunnsfag.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 98 50
E-post: studieveileder.svfa@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.