Hjem

Undersøkande journalistikk, master, 2 år

På masterprogrammet i undersøkande journalistikk får du jobbe med å avdekke kritikkverdige forhold i samfunnet ved å gjennomføre eit granskande og langsiktig journalistisk prosjekt.
  • Lengde2 År
  • Plassar12
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På dette masterprogrammet skal du produsere eit sjølvstendig journalistisk publiserbart graveprosjekt, samtidig som du arbeider med analytiske problemstillingar. Produksjonen av graveprosjektet kan gjerast i samarbeid med ei eller fleire mediebedrifter under rettleiing av fagmiljøet.

Undersøkande journalistikk er eit felt i vekst, og studentar med denne utdanninga er attraktive for næringslivet. Gravejournalistikk blir mykje lesen, sett og høyrt i nyheitsmedia, men krev spesialisert kompetanse å produsere.

I løpet av studieprogrammet lærer du å utvikle, gjennomføre og vurdere avanserte journalistiske arbeidsoppgåver og prosjekt som granskar komplekse tema. Du lærer òg korleis du kan bidra til nytenking og innovasjon på fagfeltet.

Du får omfattande innsikt i 

  • norske samfunnsinstitusjonar
  • offentleglova
  • personvern
  • presseetiske retningslinjer
  • kjeldevern og -behandling
  • å samle, tilarbeide og analysere store datamengder
  • digital presentasjonsteknikk

Sjå heile lista av læringsutbyte for dette studiet

Studiekvardag

Undervisninga finn stad i Media City Bergen (MCB), ei kunnskaps- og næringsklynge der universitetet held til saman med medieselskap som TV 2, NRK, Bergens Tidende og Bergensavisen, samt ei rekke medieteknologiselskap. Dette gir deg ein unik nærleik til mediebransjen.

Du blir del av eit stort fagmiljø og får delta i workshops med topp kvalifiserte undervisarar, journalistar og mange gjester utanfrå. Du får jobbe tett med ulike fagmiljø og med andre studentar i ei lita, engasjert gruppe med journalistikkstudentar.

Undervisninga består av workshops, seminar, forelesingar og rettleiing, men i stor grad vel du sjølv korleis du legg opp arbeidsdagane dine.

Som student kan du bli med i ei forskargruppe. Du får tilgang på delt arbeidsplass i Senter for undersøkande journalistikk på MCB. Du kan òg søke om fast lesesalplass ved Institutt for informasjons- og medievitskap på SV-fakultetet.

Masterprogrammet er eit heiltidsstudium, men studiet kan kombinerast med jobb for eksempel i ei mediebedrift.

Meir informasjon under

Master i undersøkende journalistikk

Produsent:
Infomedia UiB

Kva kan du jobbe som?

Kompetansen du får i dette masterprogrammet gjer deg ettertrakta i ein pressa jobbmarknad i mediebransjen og kan vere avgjerande for om du får fast tilsetting.

  • Du kjem til å lære å analysere store datamengder og bryte ned komplekse problemstillingar
  • Vidare vil du lære engasjerande historieforteljing og digitale presentasjonsteknikkar

Dette vil gjere deg rusta til å fylle ei rekke roller innan ulike fagmiljø og yrke, som journalist, kommunikasjonsrådgjevar, forskar/researchar og etterforskar.

Masterstudent Johanna fikk stipend til graveprosjekt

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist

Søknadsfrist er 15. april.

Praksislærarane Per Christian Magnus og Kristine Holmelid fortel om studiet

Studiets oppbygging

  • Semester 1: UJO301 Gravejournalistikken sitt grunnlag (30 studiepoeng)
  • Semester 2: UJO304 Prosjektdesign (30 studiepoeng)
  • Semester 3 og 4: UJO350 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

Masterprosjektet består av ein produksjonsdel og ein teoretisk del. Du utviklar dine eigne idear til både produksjonen og den analytiske oppgåva i undersøkande journalistikk. Det vert lagt stor vekt på kvalifisert idéutvikling, både praktisk og teoretisk. Til det får du tett oppfølging av rettleiarane dine.  

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Nei.

Vidare studiemoglegheiter 

Med ein mastergrad kan du òg søkje opptak til forskerutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 64 

E-post:studierettleiar.mcb@uib.no

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her