Hjem
Utdanning

Studieplan for MATF-FARM Farmasi, master, 5 år, haust 2024

Namn på grad

Master i farmasi

Omfang og studiepoeng

Det integrerte masterprogrammet i farmasi har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk er hovudspråk. Delar av undervisninga og pensumet vert gjeve på engelsk. 

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Profesjonsstudiet i farmasi kvalifiserer for autorisasjon som provisorfarmasøyt. Gjennom studiet tileignar studentane seg ein brei og spesialisert legemiddelfagleg kompetanse. Studiet skal sikra samfunnet kandidatar som har dei kunnskapar, haldningar og ferdigheiter som trengs for utøva farmasiyrket på ein forsvarleg måte.

Farmasistudiet gjev studentane ein brei fagleg basis innan kjemiske og biologiske fag, samt spesialisering innan farmasøytiske fag, som farmakognosi, farmakologi, galenisk farmasi, klinisk farmasi, samfunnsfarmasi, legemiddelkjemi og rettleia praksis i apotek.

Masteroppgåva siste året er ei fordjuping og spesialisering innan farmasi, og studentane kan i stor grad sjølv velja fagområde for oppgåva.

Læringsutbyte

Læringsutbyttet er utforma i samsvar med forskrift om nasjonal retningslinje for farmasi. Kandidaten skal ved gjennomført studium ha oppnådd følgjande kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.» 

Kunnskapar

Kandidaten

  • Har avansert kunnskap om legemiddel og bruken av dei, farmakokinetikk og farmakodynamikk, mellom anna preparatval, dosering, viktige biverknadar, interaksjonar og terapistyring ved dei vanlegaste sjukdomane, samt klinisk farmasi og andre farmasøytiske tenester.
  • Har inngåande kunnskap om biokjemiske og fysiologiske verknadsmekanismar
  • Har avansert kunnskap om utvikling og produksjon av legemiddel, mellom anna isolering, syntese og analyse av verkestoff, formulering, framstilling og kvalitetskontroll, oppbevaring og distribusjon av legemiddel, og kvalitetssikring av alle ledd i prosessen.
  • Har kunnskap om veterinære legemiddel, bruken av desse, og korleis dei påverker dyrehelse og mattryggleik.
  • Har kunnskap om ernæring og kosttilskot, og bruk av relevant medisinsk utstyr.
  • Har kunnskap om helsevesenet, samspelet mellom helsevesenet og samfunnet, teknologiske løysingar og arbeidsprosessar som inkluderer samarbeid og tverrprofesjonell samhandling innan helsevesenet, og korleis språk og kultur påverkar dette.
  • Har kunnskap om kvalitative og kvantitative forskingsmetodar og kliniske utprøvingar og inngåande kunnskap om sentrale, forskingsetiske regelverk og prinsipp.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan sjølvstendig isolera, syntetisera og analysera kjemiske substansar, framstilla legemiddel og utføra kvalitetskontroll av desse.
  • Kan på ein sjølvstendig måte ta hand om farmasøytiske yrkesfunksjonar i apotek og i andre delar av helsetenesta og innan farmasøytisk industri.
  • Kan utføra yrkesfunksjonen sin i samsvar med lovar, forskrifter og yrkesetiske retningslinjer.
  • Kan samarbeida med anna helsepersonell om optimal legemiddelbehandling til den enkelte pasient og kan nytta klinisk kommunikasjonskunnskap på tvers av verksemd og nivå.
  • Kan gjera greie for legemiddelmarknaden sin spesielle karakter og drøfta legemiddelbruk i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
  • Kan nytta sentrale matematiske, statistiske og epidemiologiske metodar til å undersøka praktiske og teoretiske farmasifaglege problemstillingar.
  • Kan gjennomføra eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Har digital kompetanse og kan tileigna seg og nytta ny kunnskap og vurdera faglitteratur og legemiddelinformasjon kritisk.
  • Kan formidla forskingsbasert kunnskap og diskutera profesjonelle og vitskaplege problemstillingar med helsepersonell og fagpersonar frå tilgrensande fagfelt, samt legemiddelbrukarar.
  • Har kunnskap om leiing og ulike farmasøytiske leiarroller, mellom anna rettleiing og kommunikasjon.
  • Har innsikt i og forståing for korleis legemiddelovervaking, kvalitetssystem og kvalitets- og betringssarbeid bidreg til trygg legemiddelbruk og auka pasienttryggleik.
  • Har innsikt i og kan identifisera, reflektera over, og handtera etiske problemstillingar i farmasøytisk yrkesutøving og forsking, og syner respekt for brukarar av farmasøytiske tenester og gjev rettleiing som tek vare på brukaren sin integritet og rettar.
  • Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar og kan bidra i tenesteinnovasjon, entreprenørskap og systematiske og kvalitetsforbetrande arbeidsprosessar innan fagfeltet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 (eller S1 og S2) og Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg er naudsynt for å kunna gjennomføra delar av farmasistudiet.

Innføringsemne

Examen Philosophicum, 10 studiepoeng

Obligatoriske emne

Alle emna spesifisert i graden (285 studiepoeng) er obligatoriske, og må gjennomførast i fastsett rekkefølgje. Det er ikkje mogleg å endra på utdanningsplanen eller rekkefølgja på eksamenane utan førehandsgodkjenning. Dei fleste emna i studiet har obligatorisk undervisning.

Lenkje til oversikt over emnar per semester: Integrert masterprogram i farmasi 

Spesialisering

15 studiepoeng i 5. studieåret er studiespesialiserande emne som studenten vel i tilknyting til masteroppgåva. Emna vert valt i samråd med rettleiar for masteroppgåva og kan veljast frå alle fakultet ved UiB. Ein kan ha maks 10 studiepoeng med spesialpensum der rettleiar vel ut eit pensum og kor studenten har ein eksamen (til dømes munnleg) eller eit innleveringsarbeid ved slutten av semesteret. Det er normalt ikkje mogleg å nytta eit emne ein student har tatt før hen starta på Integrert masterprogram i farmasi som spesialisering. Programutvalsleiar på farmasi godkjenner studiespesialiserande emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Emna må gjennomførast i fastsett rekkefølgje. Det er ikkje mogleg å endre på utdanningsplanen eller rekkefølgja på eksamenane utan førehandsgodkjenning. Sjå fakultetets utfyllande reglar til § 2-2 (2), § 7-3 (2) og § 8-2 (3) i UiBs studieforskrift. 

Studentar som etter utdanningsplanen manglar 30 studiepoeng eller meir ved utgangen av eit semester vil verta flytta til kullet under.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg for å reisa på utveksling på farmasistudiet, i det semesteret du startar å skrive masteroppgåve, 9. semester. Det kan òg vera mogleg å søkja emneutveksling gjennom sentrale avtalar ved UiB. Ta kontakt med studierettleiar for å høyra meir om kva ordningar som finst.

Les meir om utveksling her: Informasjon om utveksling

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet nyttar ei rekke undervisningsmetodar:

  • Forelesningar
  • TeamBased Learning
  • Undervisning med pasient
  • Rollespel
  • Gruppearbeid
  • Ekskursjonar
  • Praksis
  • Seminar
  • Kollokviar
  • Innleveringsoppgåver
  • Kasusrapportar
  • Laboratoriekurs
  • Laboratoriejournalar
  • Spørjetime
  • TVEPS: Tverrprofesjonell samarbeidslæring

Vurderingsformer

For å sikra at studentane har naudsynte kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse vert det gjennomført  ulike vurderingsformar gjennom heile studieløpet:

  • Innleveringsoppgåver
  • Mappeinnlevering
  • Skriftleg skuleeksamen
  • Laboratoriejournalar
  • Midtsemesterevaluering/underveistest
  • Gruppeoppgåver
  • OSKE (Objektiv, strukturert, klinisk eksamen)
  • Munnleg eksamen
  • Quiz
  • Digital skuleeksamen
  • Digital heimeeksamen

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F) eller bestått/ikkje bestått.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål vert skrive ut etter at graden er fullført. Vitnemål gjev rett til å søka Helsedirektoratet om autorisasjon som provisorfarmasøyt.

Grunnlag for vidare studium

Studentar kan etter fullført mastergrad i farmasi søka seg vidare til doktorgradsstudium.

Relevans for arbeidsliv

Profesjonsstudiet i farmasi gjev grunnlag for autorisasjon som provisorfarmasøyt. Som provisorfarmasøyt vil du få ekspedisjonsrett for legemiddel på resept. I tillegg til å arbeida i apotek kan farmasøytar arbeida i sjukehus, i heimesjukepleie og sjukeheimar, i legemiddelindustri og andre private firma (til dømes i oppdrettsnæringa)., innanfor vidaregåande og høgare utdanning og r myndigheiter. og 

Yrkesrolla omfattar rådgjeving, undervisning, forsking og leiing av apotek og anna legemiddelrelatert verksemd, samt oppgåver som legemiddeløkonomiske utgreiingar, tilverking av legemiddel til den enkelte pasient og vurdering av korleis ulike legemiddel kan nyttast saman.

Evaluering

Integrert masterprogram for farmasi blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på Studiekvalitetsbasen - (uib.no)

Skikkavurdering og autorisasjon

Som utdanningsinstitusjon vurderer me om kandidaten er skikka til å utøva yrket som helse- eller sosialpersonell. Vurderinga omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader, og vil gå føre seg under heile utdanninga - jf. Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning.

Etter fullført studium har kandidaten rett til å søka om autorisasjon som provisorfarmasøyt. Helsedirektoratet (Hdir) har meir informasjon om autorisasjonsordninga..

Programansvarleg

Programutval for farmasi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret ved Det medisinske fakultet,  sjå kontaktinformasjon 

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet