Hjem

Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design, årsstudium

Har du utdanning innan kunst, musikk eller design, og lyst til å bli lærar? Da kan praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) være det rette for deg!
  • Lengde1 År
  • Plassar31
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i kunst, musikk og design er et studium som gir deg formell lærerkompetanse for grunnskole, videregående skole og kulturskole. Studiet bygger på ein fullført bachelorgrad i skapande kunst eller design, eller i utøvende musikk eller komposisjon. På studiet lærer du:

  • å planlegge, gjennomføre, vurdere, og reflektere over undervisning, bygt på forsking, kunstfagleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap  
  • å legge til rette for variert og differensiert undervisning som fører til gode kunstfaglege og sosiale læringsprosessar
  • å skildre kjenneteikn på kompetanse  og vurdere og dokumentere elevar si læring, og gi tilbakemeldingar som fremmar læring og medverkar til at elever kan reflektere over eiga læring  
  • å bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket  

Sjå her for Læringsutbyte i studieplanen

Studiekvardag

Undervisninga skjer på dagtid og omfattar fellesundervisning, smågruppeundervisning, seminar, workshop, individuell rettleiing og kontinuerleg rettleia praksisopplæring. Studentaktive arbeids- og undervisningsformer blir vektlagt. Undervisninga i pedagogikk er felles for begge studieretningane, mens didaktikkundervisninga er delt for dei to studieretningane.  

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. I praksisopplæringa er det krav om 100 % frammøte.  

Praksis har eit arbeidsomfang tilsvarande 60 arbeidsdagar og skal ha kontinuerleg rettleiing i autentiske yrkessituasjonar med elevar. Praksis kan vere lagt på dag- og kveldstid, og i helger i samband med konsertar og prosjekt.   

Praksis skal vere allsidig, med stigande krav til sjølvstende og ansvar, frå observasjon og medlærarpraksis til sjølvstendig undervisning. Praksis kan vere individuell, i par eller i grupper.  

Erfaringane frå praksis skal studentane drøfte og reflektere over i skriftleg og munnleg arbeid med pedagogikk og fagdidaktikk.  

Kva kan du jobbe som? 

Studiet gir formell undervisningskompetanse til arbeid i grunnskule, vidaregåande skole og kulturskole. I tillegg gir PPU kompetanse for å undervise og formidle i Den kulturelle skolesekken, på museum,i galleri og i det frivillige musikklivet.  

Opptakskrav og søknadsfrist

Du søker opptak til Fakultet for kunst, musikk og design.  

Søknadsfristen er 15. april. Du søker via Søknadsweb

Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning ved KMD må du ha ein bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget.  

Studentar på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet kan ta PPU som ein integrert del av bachelorgraden over 3. og 4. år.  

Sjå her for utfyllande informasjon om søknad og opptak  

Studiets oppbygging

Rekkefølge for emne i studiet (emnekode i parentes)    

Fulltid  

1. semester:  

  • Pedagogikk 1(KMDPED201)(felles pedagogikk for begge studieretningane)  
  • Pedagogikk 2 (KMDPED202) (felles pedagogikk for begge studieretningane)  
  • Musikkdidaktikk 1 (MUDI201) eller  Kunst- og designdidaktikk 1 (KDDI201
  • Musikkdidaktikk 2 (MUDI202)eller Kunst- og designdidaktikk 2 (KDDI202)   
  • Praksis for PPU musikk  (MUPRA210) eller  Praksis for PPU kunst og design (KDPRA210

2. semester:  

  •    Pedagogikk 1 (felles pedagogikk for begge studieretningane)  
  •    Pedagogikk 2 (felles pedagogikk for begge studieretningane)  
  •    Musikkdidaktikk 1 eller Kunst- og designdidaktikk 1  
  •    Musikkdidaktikk 2 eller Kunst- og designdidaktikk 2  
  •    Praksis for PPU musikk eller  Praksis for PPU kunst og design  

Deltid  

1. semester:  

  •   Pedagogikk 1 (felles pedagogikk for begge studieretningane)  
  •   Musikkdidaktikk 1 eller Kunst- og designdidaktikk 1  
  •   Praksis for PPU musikk (MUPRA211) eller Praksis for PPU kunst og design (KDPRA211)  

2. semester:  

  •   Pedagogikk 1 (felles pedagogikk for begge studieretningane)  
  •    Musikkdidaktikk 1 eller Kunst- og designdidaktikk 1  
  •    Praksis for PPU musikk eller Praksis for PPU kunst og design   

3. semester:  

  •   Pedagogikk 2 (felles pedagogikk for begge studieretningane)  
  •  Musikkdidaktikk 2 eller Kunst- og designdidaktikk 2  
  •   Praksis for PPU musikk eller Praksis for PPU kunst og design  

4. semester:  

  •  Pedagogikk 2 (felles pedagogikk for begge studieretningane)  
  •  Musikkdidaktikk 2 eller  Kunst- og designdidaktikk 2  
  • Praksis for PPU musikk eller  Praksis for PPU kunst og design  

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Ingen utveksling på PPU 

Vidare studiemoglegheiter 

Ingen vidare studiemoglegheiter med utgangspunkt i PPU

Spørsmål om studiet? 

E-post: studieveileder.kmd@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Studieplan PPU Kunst, musikk og design, årsstudium