
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Vil du vere den personen som utgjer ein forskjell for barn og unge? PPU er eit yrkesretta og praksisbasert studium for deg som har fullført ein mastergrad og vil utdanne deg til å bli lærar. Med PPU blir du lektor og kan undervise frå 5. til 13. trinn i skulen.
PPU er eit eittårig fulltidsstudium på 60 studiepoeng som består av pedagogikk, fagdidaktikk og praksis i skulen.
Det viktigaste du lærer er å undervise, å ivareta elevane og å sjå og verdsetje kvar og ein av dei. Med denne utdanninga får du blant anna:
Du har vanlegvis to seminar og to forelesingar i pedagogikk i veka, utanom praksisperiodane. Seminara er obligatoriske. I fagdidaktikkemna vil arbeids- og undervisningsformene variere etter kva emne du tar. Her vil også omfanget av obligatorisk undervisning variere.
Du har 30 dagar obligatorisk praksisopplæring ved ein skole begge semestera, vanlegvis både på ungdomstrinnet og i vidaregåande skole. Du får tildelt praksisplass.
Denne utdanninga er utfordrande og arbeidskrevjande, men samtidig veldig lærerik. Gjennom undervisninga, oppgåvearbeid og praksis blir du godt kjent med medstudentane dine. Du får tett oppfølging av engasjerte fagpersonar, både i undervisninga og i praksisopplæringa.
Med fullført PPU er du kvalifisert til å undervise frå 5. til 13. trinn i skulen. Studiet er særleg retta mot arbeid i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring, inkludert vaksenopplæringa.
Det er eit stort behov for kvalifiserte lærarar i norsk skole. Yrket gir jobbmoglegheiter over heile landet.
Utdanninga opnar òg for andre yrkesvegar der kombinasjonen av formidlingskompetanse og pedagogisk kompetanse er attraktiv.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
PPU byggjer på tidligare avlagt utdanning, og krev ein fullført mastergrad eller fullført bachelorgrad og minst to års relevant arbeidserfaring frå skulen.
Her finn du utfyllande informasjon om opptakskrav til PPU og korleis du søker opptak til studiet.
Undervisningsspråk: Norsk
1. semester
PEDA101 Praktisk pedagogikk - pedagogikk 1. semester (15 studiepoeng)
Fagdidaktikk (15 studiepoeng)
PPUPRA101 Praksis PPU 1. semester
2. semester
PEDA102 Praktisk pedagogikk - pedagogikk 2. semester (15 studiepoeng)
Fagdidaktikk (15 studiepoeng)
PPUPRA102 Praksis PPU 2. semester
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på denne utdanninga.
Etter å ha fullført praktisk-pedagogisk utdanning kan du bygge på og få undervisningskompetanse i andre fag. Det finst òg moglegheiter for etter- og vidareutdanning, blant anna innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.