Medisinstudiet, profesjon, 6 år
- Lengde6 År
- Ordinær67,8
- Primær59,4
- Plassar205
- OpptakskravMEROD
- Studiepoeng360
- StartHaust
Hovedinnhold
Meir informasjon under
Medisin
Kva lærer du?
Som lege må du forstå korleis menneske i krise har det, og korleis deira behov for tryggleik best kan ivaretakast. Du vil lære korleis kroppen er sett saman, i tillegg til å møte menneske i ulike livsfasar og situasjonar. Studiet integrerer teori og pasientnær klinisk undervisning. Vi diskuterer profesjonalitet og identitet som lege, og legg vekt på undervisnings- og vurderingsformer der studentane har ei aktiv rolle. Vi tilbyr ei forskarlinje for deg som er interessert i medisinsk forsking og som kan tenke deg å forske parallelt med studia.
Etter medisinstudiet skal du kunne
- gjennomføre medisinske konsultasjonar og kommunisere med pasientar og pårørande på ein profesjonell og empatisk måte
- identifisere problemstillingar, gjennomføre diagnostikk, iverksette behandling og/eller førebyggande tiltak
- gi god oppfølging ved ulike sjukdomsgrupper og tilstandar i samarbeid med med pasienten og ulike helseprofesjonar
- utøve leiing i akuttmedisinske situasjonar der det er nødvendig å ta avgjerder, kommunisere og samarbeide med andre profesjonar
Sjå heile lista over læringsutbytte
Campus Bergen/Stavanger og campus Bergen/Førde
I 2024 tilbydde UiB for første gong opptak til campus Bergen/Stavanger. I 2025 kan du også søkje deg til campus Bergen/Førde! Veljer du campus Bergen/Stavanger eller campus Bergen/Førde, tar du dei første tre studieåra i Bergen, og dei tre siste i Stavanger eller Førde. MERK: det er ikkje mogleg å bytte mellom campus Bergen, campus Bergen/Stavanger eller campus Bergen/Førde etter at du har starta på studiet.
Campus Bergen/Stavanger
Lengde | Ordinær | Primær | Plasser | Opptakskrav | Studiepoeng | Start |
6 år | 67.1 | 58.5 | 40 | MEROD | 360 | Haust |
Les meir om campus Bergen/Savanger her
Campus Bergen/Førde
Lengde | Ordinær | Primær | Plasser | Opptakskrav | Studiepoeng | Start |
6 år | - | - | 20 | MEROD | 360 | Haust |
Studiekvardag
Du kan vente deg ein variert studiekvardag med både praktisk og teoretisk undervisning, i tillegg til lengre periodar med praksisutplassering på sjukehus og legekontor.
Du møter pasientar tidleg i undervisninga, og i valfrie periodar kan du fordjupe deg i tema du er spesielt interessert i. Du møter også engasjerte legar som rettleier deg i rolleforståing og forventningar til legeyrket. Som ny student får du tilbod om å delta i ei mentorgruppe.
Undervisninga skjer i hovudsak på eller i nærleiken av Haukeland universitetssjukehus, like utanfor Bergen sentrum. Ved dei lengre praksisperiodane seinare i studiet kan du bli utplassert ved sjukehus både i Bergen, Førde, Stavanger og Haugesund. Vel du Vestlandslegen - studieløp Stavanger, tar du dei tre siste studieåra ved Stavanger universitetssjukehus.
Medisinstudiet er krevjande, og som student må du førebu deg på lange dagar på lesesalen, på sjukehusavdelinga eller på laboratoriet. Men studiet er òg spennande og utviklande, og du vil lære mykje om deg sjølv i tillegg til det reint faglege.
Les meir om:
Utfyllande studieinformasjon til medisinstudentar
Meir informasjon under
Hvordan er det å studere medisin ved UiB?
Kva kan du jobbe som?
Medisinstudiet gir autorisasjon som lege og kvalifiserer til begynnarstillingar (LIS –«lege i spesialisering») i det offentlege helsevesenet. Etter studiet kan du spesialisere deg innan ei rekke ulike fagfelt. Spesialiseringa i etterkant av studiet blir koordinert av Helsedirektoratet. Når du er i spesialisering er du samtidig i betalt jobb.
Legar er også attraktive i offentleg forvaltning og i privat sektor. Som lege kan du arbeide på sjukehus, som fastlege i primærhelsetenesta eller på andre område som krev medisinsk kompetanse.
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MEROD:
- Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2)
- Fysikk 1
- Kjemi 1 og 2
Ver merksam på at studentar må ha norsk pass, norsk ID-kort eller tilsvarande utanlandske ID-papir/pass som er godkjende av norske styresmakter, i tillegg til Bank-ID, for å bruke datasystema til helsetenestene i praksisutplassering i dette studiet. Utan gyldig Bank-ID eller tilsvarande identifikasjonsløysing med høgaste tryggleiksnivå vil du ikkje kunne gjennomføre studiet. Sjå nettsidene til Digitaliseringsdirektoratet for meir informasjon.
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Medisinstudiet er eit seksårig fulltidsstudium som startar i august.
På medisinstudiet diskuterer vi spørsmål som:
- Korleis kan ein førebygge sjukdom og skade?
- Kva gir god helse?
- Korleis kan sjukdommar behandlast?
Kva er obligatorisk?
- Det blir stilt heilt spesielle krav til kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse for ein lege. Derfor er det også mange obligatoriske krav til studiet. Ein lege må for eksempel vere i stand til å måle blodtrykk, lytte på hjarte og lunger og tolke resultatet av desse undersøkingane.
- Faga i medisinstudiet er organisert etter ein fastlagt plan som skal sikre den faglege utviklinga di fram mot ferdig utdanna lege. Det er normalt ein semestereksamen i kvart emne/semester. For å sikre den faglege utviklinga kan det også vere undervegs-testar som må vere bestått før ein kan gå opp til semestereksamen.
- I fag med obligatorisk undervisning må du som hovudregel delta i alle aktivitetane for å få lov til å ta eksamen.
Kva er valfritt?
Sjølv om faga på legestudiet følger ein fast plan, er likevel mogleg å fordjupe seg spesielt innan eitt eller fleire fagfelt, då spesielt i desse elementa i studiet:
- Det inngår tre firevekers periodar med valfrie emne på 6 studiepoeng. Desse periodane er plassert i januar, og er meint å vere kompetansegivande for vidare karriere. Du kan velje eitt til to emne du vil ta kvar periode, eller du kan søke om å ta eit emne ved andre fakultet eller universitet.
- I løpet av perioden 3. til 5. studieår skal du skrive ei hovudoppgåve. Målet med oppgåva er å vise at du meistrar ein vitskapleg tenke- og arbeidsmetode, at du kan bruke data- og litteratursøking innan eit medisinsk fagfelt/medisinskrelatert fagområde, og at du kan uttrykke deg skriftleg. Studentar og rettleiar står fritt til å foreslå oppgåver.
- Er du interessert i forsking, kan du søke forskarlinja etter det første studieåret. Forskarlinjestudentar følger ordinært studieløp, men studietida blir forlenga med eitt år som blir brukt til forsking. Etter studiet kan forskingsoppgåva brukast som utgangspunkt for ein doktorgrad.
Praksis
Som medisinstudent har du fleire praksisperiodar i løpet av studiet. Praksis begynner i fjerde studieår, men allereie dei tre første åra vil du ha klinisk undervisning på sjukehus og vil møte pasientar.
Frå og med fjerde året blir du sendt ut på lengre praksisopphald i psykiatri, indremedisin, kirurgi, obstetrikk/gynekologi og pediatri, allmennmedisin og samfunnsmedisin.
Det medisinske fakultet samarbeider med Stavanger universitetssjukehus, Førde sentralsjukehus og Haugesund sjukehus, og i semestera MED7, MED8 og MED9 er det der ein som medisinstudent i hovudsak er utplassert. I desse praksisperiodane betaler UiB for hybel ved praksisstaden.
I MED7 og MED9 kan du også søke om å få ta praksisen i Uganda eller Thailand.
I MED11 er utplasseringa i kommunehelsetenesta/på legekontor.
Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste ved å trykke på kvart emne i lista nedanfor.
Slik er studiet lagt opp:
1. studieår:
- Første semester medisin- og odontologistudiet (17 studiepoeng)
- Andre semester medisinstudiet (8 studiepoeng)
- Andre semester medisin- og odontologistudiet (25 studiepoeng)
- Ex.phil.* Skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)
2. studieår:
- Tredje semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
- Fjerde semester medisinstudiet (33 studiepoeng)
3. studieår:
- Valfrie emne (6 studiepoeng)
- Femte semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
- Sjette semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
4. studieår:
- Valfrie emne (6 studiepoeng)
- Sjuande semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
- Åttande semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
5. studieår:
- Valfrie emne (6 studiepoeng)
- Niande semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
- Innlevering av hovudoppgåve (MEDOPPG)
- Tiande semester medisinstudiet (13 studiepoeng)
6 studieår:
- Valfrie emne (6 studiepoeng)
- Ellevte semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
- Tolvte semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
Ved medisinstudiet vert studentkullet delt i eit A- og eit B-kull frå og med hausten fjerde studieår. Den eine delen av kullet fortset på studiet utan opphald (A-kull), og den andre delen av kullet tar ein «fritermin» på eitt semester (B-kull). Studentar kan i friterminen reise på utveksling, ta eit kurs i global helse med feltopphald i Asia eller Afrika, ta opne emne eller ta ein pause frå studia.
Frå fjerde studieår vil dei som har valt “Vestlandslegen - studieløp Stavanger” ta resten av medisinstudiet ved Stavanger universitetssjukehus. Les meir om studieløpet her: Vestlandslegen - studieløp Stavanger.
*Ex.phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle grunnstudium ved UiB.
Utveksling
På medisinstudiet har du mange moglegheiter til å reise ut, enten på korte opphald, over eit heilt semester, eller til og med eit heilt år. Vi har mange gode utvekslingsavtalar som gjer at du ikkje blir forsinka i studia sjølv om du reiser på utveksling.
Les meir om utveksling på medisinstudiet
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Medisinstudiet kvalifiserer deg for forskarutdanning på ph.d.-programmet i medisin, som fører fram til doktorgrad. Forskarlinjestudentar som etter fullført medisinstudium får opptak til ph.d.-programmet, vil kunne fullføre vidare utdanning på kortare tid.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 64 00 (open 12.00 - 14.00 kvardagar)
E-post: info.med@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast.