Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i undervisning med fordjuping i engelsk.

Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til fire år på deltid.

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Masterstudiet i undervisning med fordjuping i engelsk er eit deltidsstudium over fire år der målet er å vidareutdanne allmennlærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for oppgåver i den vidaregåande skulen. Sidan studentane har praksis frå skulen, og studiet har ei innretning som er relatert til undervisning og læring, vil det vere ei overordna målsetning for studiet å kunne byggje bru mellom erfaringskunnskap frå skulen, den forskingsbaserte disiplinkunnskapen i engelsk og den fagdidaktiske kunnskapen. Gjennom masterstudiet skal studentane tileigne seg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleikar som er med på å utvikle deira kompetanse for å undervise i engelsk i grunnskulen. Studiet vil gi ei innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar knytte til masterfaget, og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Gjennom studiet skal studentane få høve til å utvikle ei meir sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldematerialet og til vitskaplege framstillingar. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av masterfaget og skulen i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at studentane kan bidra til å vidareutvikle engelsk som fag. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring. Studieprogrammet har tre delar: fellesemne, fag/fagdidaktiske emne og masteroppgåve.

1. Faglege og fagdidaktiske emne, 45 studiepoeng.

2. Vitskapeleg metode og vurderingsteori, fellesemne 15 studiepoeng.

3. Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling, 15 studiepoeng.

4. Forskingsbasert masteroppgåve, 45 studiepoeng.

Fordjupingsfaget engelsk er kjenneteikna av breidde i aktuelle forskingsemne og er ope i høve til metodar og tilnærmingsmåtar. Masterstudentane tek eit kurs i engelskspråkleg litteratur, eit i engelsk språk, eit i engelsk fagdidaktikk og eit teori- og metodekurs. Det er eit mål for instituttet at fordjupingsemna på masterprogrammet i stor grad skal reflektere interessefelta til lærarane og vere forskingsbaserte.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap og ferdigheiter

Kandidaten

- har tileigna seg høg fagkompetanse innanfor språk og litteratur

- har tileigna seg fagdidaktisk kompetanse som gir innsikt i engelskfaglege problemstillingar relevante for arbeid som engelsklærar

- kan orientere seg i og vurdere kritisk teori og metodar på fagområdet

- kan finne fram til, bruke, og utvikle kunnskap på nye område innanfor faget

- kan planleggje og gjennomføre eit arbeid med ei fagdidaktisk masteroppgåve frå skisse til ferdig oppgåve på ein sjølvstendig og systematisk måte i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

- har tileigna seg normene for akademisk skriving i fordjupingsfaget

- kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet

Generell kompetanse

- kan tilrettelegge for elevar si læring i faget

- kan uforske og evaluere eigen undervisningspraksis og vurdere og rettleie elevar i deira læringsprosessar på grunnlag av teori

- kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i engelskfaget i relasjon til dei ulike emna i skulefaget, og kunne grunngi val og vurderingar i høve til eige fagsyn

Opptakskrav

Søkjarane må ha allmennlærarutdanning med minst 60 studiepoeng i engelsk, eventuelt ein bachelorgrad der det inngår minst 60 studiepoeng i engelsk, samt praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande. Sidan studiet er eit vidareutdanningstilbod, er krav til opptak minst 2 års relevant undervisningserfaring frå skulen.

Innføringsemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i engelsk språk, ENGMAU641 (15 studiepoeng), engelskspråkleg litteratur, ENGMAU642 (15 studiepoeng), engelsk fagdidaktikk, ENGMAU643 (15 studiepoeng), innføring i teori og metode, METMAU660 (15 studiepoeng) og emnet "Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling", ENGMAU644 (prosjektskisse, 15 studiepoeng). I tillegg kjem masteroppgåva, ENGMAU655, på 45 studiepoeng.

Val av tema for masteroppgåva og tildeling av rettleiar skjer i det 4. semesteret.

Prosjektskissa for masteroppgåva skal vere stått før sjølve arbeidet med masteroppgåva tek til.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studiet er organisert som eit deltidsstudium der føresetnaden er at studentar tek 15 studiepoeng kvart semester. Masterstudiet med fordjuping i engelsk har følgjande emne:

1. semester (haust): ENGMAU642: Engelskspråkleg litteratur

2. semester (vår): ENGMAU641: Engelsk språk

3. semester (haust): ENGMAU643: Engelsk fagdidaktikk

4. semester (vår): METMAU660: Vitskapeleg metode og erfaringsdeling.

5. semester: ENGMAU644: Fellesemne Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling

6. - 8. semester: ENGMAU655: Erfaringsbasert masteroppgåve i undervisning (engelsk)

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane. Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling. I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om sjølve å organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer: For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna.

Karakterskala

Det vert nytta karakterar for fagemna etter karakterskalaen A-F.

Relevans for arbeidsliv

Fullført og greidd studium kvalifiserer som lektor i engelsk med høve til å undervise i 5.-10. trinnet i grunnskulen og i vidaregåande utdanning. Studiet kvalifiserer òg for arbeid med engelskfaglege tekstar og arbeidsoppgåver i andre samanhengar. I tillegg vil studiet kvalifisere for doktorgradsstudium ved relevante program.

Evaluering

Emne- og programevaluering vert gjennomførde med jamne mellomrom. Det kan nyttast ulike evalueringsformer.

Programansvarleg

Institutt for framandspråk, Det humanistiske fakultetet, Universitetet i Bergen.