
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Politikk og forvaltning er studiet av politikk og demokrati, av rollene til stat og forvaltning, og av det organiserte samfunnslivet generelt.
Årsstudiet i politikk og forvaltning gir 60 studiepoeng fordelt på to semester. Det er eit spesialisert statsvitskapleg fag der du lærer om samanhengen mellom politikk, forvaltning og organisering i demokratiet.
Vi er opptatt av samfunnet si politiske organisering og styringsformer, korleis grunnlaget deira vert utvikla og endra, og kva slags konsekvensar dette har. Vi drøftar for eksempel
På årsstudiet får du blant anna:
Årsstudiet i politikk og forvaltning er eit studium på fulltid. Det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupperkan du i ei vanleg veke ha 10-12 timar med forelesingar og seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Du vil høyre til Det samfunnsvitskapelege fakultet, der du finn både lesesalar, studentkafear og bibliotek. Undervisninga vil hovudsakleg gå føre seg i Laurits Meltzers hus (SV-bygget) og Ulrike Pihls hus.
Årsstudiet passer for deg som vil utfylle tidlegare utdanning eller som vil studere i berre eitt år. Spesialisering i politikk og forvaltning gir undervisningskompetanse i samfunnsfag i ungdomsskolen og vidaregåande skole.
Årsstudiet er også eit viktig og nyttig springbrett inn i vidare utdanning og karrierevegar som krev kunnskap om politikk og samfunn og organisasjoner sin verkemåte.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk
Studiet går over eitt år (to semester) og startar i august. Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.
Årsstudium med innføringsemne
Årsstudium med innføringsemne passar for deg som ikkje har studert før. Dette er det same som første året i bachelorstudiet i politikk og forvaltning:
1.semester
GOV100 – Innføring i politikk og forvaltning (20 studiepoeng)
Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
2.semester
GOV112 – Organisasjonsteori (10 studiepoeng)
GOV113 – Norsk politikk (10 studiepoeng)
MET103 – Kvalitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)
Årsstudium med spesialiseringsemne
Årsstudium med spesialiseringsemne passar for deg som har studert før og som vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse i samfunnsfag i ungdomsskolen og vidaregåande skole.
1.semester
GOV114 – Politisk teori og styreformer (10 studiepoeng)
MET104 – Kvantitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)
Eit av emna:
GOV108 – Climate Policy (10 studiepoeng)
GOV115 – EU og internasjonale organisasjonar (10 studiepoeng)
GOV116 – Rett og politikk (10 studiepoeng)
2.semester
GOV112 – Organisasjonsteori (10 studiepoeng)
GOV113 – Norsk politikk (10 studiepoeng)
MET103 – Kvalitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.
Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i politikk og forvaltning. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.