Studieplan for BAPS-PSYK Generell psykologi, bachelor, 3 år, haust 2024
Namn på grad
Bachelor i generell psykologi
Omfang og studiepoeng
Bachelorprogrammet i generell psykologi har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Undervisinga vil hovudsakleg vere på norsk. Enkelte forelesingar vil kunne ha engelsk som undervisningsspråk. Valfrie emne kan ha engelsk som undervisingsspråk.
Studiestart - semester
Kvar haust. Søknad til studiet skjer gjennom Samordna opptak (SO).
Mål og innhald
Psykologi er det vitskaplege studiet av åtferd, kognisjon, affekt og samhandling. Bachelorprogrammet i generell psykologi skal gje deg innsikt og teoretisk kunnskap om dei psykologiske basalområda - biologisk psykologi, kognitiv psykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi og sosialpsykologi - med høve til fordjuping i utvalde fagfelt. Bachelorprogrammet gjer deg ein bakgrunn for å forstå affekt og kognisjon, læring og åtferd, og røynsle med eit eige omfattande og sjølvstendig arbeide (bacheloroppgåva). Studiet skal utvikle dine evner til å identifisere og analysere mennesket i samspel med andre. Studiet skal òg gje deg innsikt og trening i forskjellige forskingsmetodar i psykologi.
Åtferd er i psykologien forklart med teoriar som er baserte på vitskaplege metodar. Gjennom lesing og deltaking i førelesingar og seminar vil du bli kjend med hovudorienteringar, teoretiske hovudperspektiv, sentrale forskingsbidrag og funn i psykologifaget.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten...
- Har kunnskap om og forståing for sentrale tema innan fagområdet psykologi.
- Kan forstå korleis eit psykologisk fenomen kan studerast og forklarast på fleire måtar og vurdere ulike teoretiske forklaringar opp mot kvarandre.
- Kan beskrive faget si historiske utvikling.
- Kan halde seg oppdatert på fagområdet psykologi.
Ferdigheiter
Kandidaten...
- Kan vurdere ulike forskingsmetodar for innsamling og analyse av eit datamateriale.
- Kan anvende ulike psykologiske perspektiv i analyse og beskriving av eit fenomen
- Kan gjennomføre litteratursøk og sette seg inn i og vurdere relevant faglitteratur.
- Kan demonstrere god skriftleg og munnleg formidlingsevne i tråd med psykologidisiplinen.
- Kan gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa akademisk arbeid i tråd med faglege, metodiske og etiske retningsliner.
Generell kompetanse
Kandidaten...
- Kan vise ei kritisk tilnærming til gjeldande kunnskap og praksis innanfor det psykologiske fagfeltet.
- Kan arbeide sjølvstendig, organisere og planlegge eiget arbeid innanfor gitte fristar, og i tråd med etiske krav og retningsliner.
- Kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg til ulike publikum.
- Har innsikt i relevante fagetiske problemstillingar.
Opptakskrav
For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i generell psykologi, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse.
Innføringsemne
Innføringsemna er på til saman 30 studiepoeng og er satt saman av innføring i psykologi, exphil, samt eit emne i forskingsmetodar.
Innføringsemne tilsvarande 30 studiepoeng som er følgjande emne:
- PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 sp): skal gje ei oversikt og innføring i faget psykologi. Du lærer mellom anna om psykologien sitt biologiske fundament, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom. Du vil også lære om psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin. Emnet gir også ei innføring i fagspesifikk vitskapsteori.
- PSYK113 Innføring i metode (5 sp): Forskningsmetode I gir ei grunnleggjande innføring i forskingsmetode
- Ex.phil. (10 sp): gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensumlesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenking, særleg i forhold til psykologiske grunnlagsproblem. NB: dette tas normalt i fjerde semester jf. anbefalt studieløp.
Innføringsemna i graden er obligatorisk. Ein må søkje særskild om eventuelt fritak eller innpassing av andre emne.
Spesialisering
Spesialiseringa i generell psykologi er på 90 studiepoeng (1 ½ års studium) er satt saman av følgjande obligatoriske emne:
- PSYK114 Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi (15 sp): Emnet skal gje ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Emnet tek sikte mot å gje ei forståing av menneskeleg åtferd og åtferd i andre organismar.
- PSYK112 Sosial og personlighetspsykologi (10 sp): Emnet skal gje studentane innføring i sentrale teoriar og forsking innan sosial- og personlegdomspsykologi
- PSYK202: Metode (15 sp). Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapelig forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk og pedagogisk forsking.
- PSYK207: Læring og åtferdspsykologi (15 sp) skal gje deg kunnskapar om moderne åtferdspsykologi, teoretiske og empiriske bidrag og nytta metodar og kunnskapar i lærings/åtferdspsykologi.
- PSYK208: Affekt og kognisjon (15 sp) skal gje ei innføring i dei viktigaste teoriane og perspektiva på forholdet mellom affekt, kognisjon og biologi. Du vil gjennom emnet få kjennskap til teoriar og empiriske funn frå sosial-kognisjonsfeltet.
- PSYK206 Artikkellesing (5 sp): Emnet har som mål å styrke studentane sin kompetanse i å vurdere og diskutere vitskapelege tekstar med utgangspunkt i nokre av dei mest kjende vitskapelege artiklane i psykologi.
- PSYK250: Bacheloroppgåva (15 sp) skal gje ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. Gjennom arbeidet med oppgåva vil du utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte, lære kva for krav som vert stilte til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein passande arbeidsmåte.
Tilrådde valemne
Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlapper med det som er obligatorisk i graden. Det psykologiske fakultet har planlagt i denne samanheng eit tilbod av tilrådde emne og kombinasjonar som er nyttige saman med dei obligatoriske elementa og som kan utgjere ei ytterligare spesialisering innan retningane skule, helse og næringsliv. Desse emna er særskild anbefalt: PSYK106, PSYK109, PSYK110, PSYK115, PSYK116 og PSYK117. Det vert ellers anbefalt emne innanfor psykologi, helsefag, helsepsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi, samfunnsvitskap. Exfac-emner kan ikkje brukes som valgemner.
Rekkefølgje for emne i studiet
Studenten må ha bestått følgjande emne før ein kan melde seg til PSYK250 Bacheloroppgåve
Innføringsemne:
PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie
PSYK113 Innføring i metode
Spesialiseringsemne:
PSYK112 Sosial og personlegdomspsykologi
PSYK114 Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi
PSYK207 Læring og atferdspsykologi
PSYK208 Affekt og kognisjon
PSYK202 Metode
Studenten må ha bestått PSYK206 seinast same semester som ein tar PSYK250.
Det vert anbefalt å ta emna i følgjande rekkjefølge:
1. semester:
- PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 sp)
- PSYK112 Sosial og personlighetspsykologi (10 sp)
- PSYK113 Innføring i metode (5 sp)
2. semester:
- PSYK114 Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi (15 sp)
- Valemne (PSYK106/PSYK109/PSYK115/PSYK116/PSYK117)
3. semester:
4. semester:
- PSYK202 Metode (15 sp)
- Examen philosophicum (10 sp)
- PSYK206 Artikkellesing i generell psykologi (5 sp)
5. semester:
- Valfrie emne (30 sp)
6. semester:
- Valfrie emne (15 sp)
- PSYK250 Bacheloroppgåve i psykologi (15 sp)
Delstudium i utlandet
Det er forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt 5. semester. Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil bli gitt i form førelesingar, seminar, nettbasert undervisningsmateriell, nettbaserte grupper og diskusjonsforum.
Vurderingsformer
Det vert lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer som eksamen, skriftlege arbeid og fleirvalsoppgåver.
Karakterskala
Ved sensur av emna som inngår i programmet nyttast karakterskalen A-F eller greidd/ikkje greidd.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden fullført.
Grunnlag for vidare studium
Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til master i psykologi, og kan også danne grunnlag for opptak til andre masterprogram ved Det psykologiske fakultet, og ved Universitetet i Bergen sine andre fakultet eller andre universitet/høgskuler.
Relevans for arbeidsliv
Med bachelorgrad i generell psykologi har du kunnskap om menneske. Psykologiemna og dei valfrie emna gjer retning på kva du kan jobbe med, til dømes undervisning, sakshandsaming, konsulentarbeid, medier, ideelle organisasjonar og anna organisasjonsarbeid. Mange har òg ei utdanning frå før der bachelorgraden i generell psykologi passar særs godt som tillegg, til dømes til læraryrket, administrasjon og leiaroppgåver.
Evaluering
Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no. I tillegg vil programmet fylgje Det psykologiske fakultet sine retningslinjer for deltakande evaluering.
Skikkavurdering og autorisasjon
Ikkje aktuelt
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet