Studieplan for MAMN-FYROM Romfysikk, haust 2024
Namn på grad
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - romfysikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Undervisningsspråk
Norsk/Engelsk
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål og innhald
Romfysikk handlar om å forstå dei fysiske prosessane som finn stad i det nære verdsrommet mellom sola og jorda. Energi i form av elektromagnetisk stråling og ladde partiklar strøymer kontinuerleg ut frå sola. Denne energistraumen påverkar både miljø og teknologiske system på og rundt kloden vår. Nordlyset skuldast vekselverknaden mellom det jordmagnetiske feltet, atmosfæren og ladde partiklar frå sola. Lyn er eit anna døme på ladde partiklar som skaper energirike fenomen. I begge samanhengar nyttar ein målingar av fysiske parametre frå instrument på bakken, om bord på satellittar eller på rakettar.
Masterprogrammet i romfysikk skal gje eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. I arbeidet med masteroppgåva analyseres målingar og resultata vurderes i lys av dei hypotesane som blir testa. Studiet gir erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og vurdere relevant faglitteratur.
Læringsutbyte
Etter fullført mastergrad i romfysikk skal kandidaten kunne:
Kunnskapar
- gjengi fakta og drøfte grunnleggjande teoriar om fysiske prosessar på sola, i solvinden, i magnetosfæren og i ionosfæren
- forklare korleis nordlys oppstår og korleis romver kan forstyrre teknologiske system
- forklare utvalde eksperimentelle metodar og måleteknikkar i romfysikk
- vise at ein har avanserte kunnskapar innan romfysikk på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytta til mastergradsprosjektet
Ferdigheiter
- utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
- handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
- analysere problemstillingar i romfysikk og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
- orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
- analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan romfysikk
- analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde
Generell kompetanse
- kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
- gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
- kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan romfysikk, både med spesialistar og til allmennheita
- kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
- demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit
Opptakskrav
Masterprogrammet i fysikk, retning romfysikk, byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i fysikk
- Bachelor i matematikk, viss PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114 og PHYS118 er med i graden. Ett av emnene kan inngå i mastergraden.
- Bachelor i Klima, atmosfære- og havfysikk, viss PHYS112 OG PHYS118 eller PHYS119 er med i graden.
- Bachelor i nanofysikk, når emnene MAT112, PHYS114, MAT121 og MAT131 er valgt.
Utrekning av karaktersnitt
For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:
- INF100, PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114. For studenter tatt opp fra og med høsten 2019 vil PHYS109 bli inkludert
- De to beste karakterene av emnene PHYS116, PHYS118 eller PHYS119
- De tre beste karakterene av MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i fysikk
- Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra, differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Tilrådde forkunnskapar
I tillegg til bachelorgraden er generell kompetanse i fysikk og matematikk nødvendig. Grunnleggande ferdigheter i programmering er også sterkt anbefalt.
Obligatoriske emne
Masterprogrammet er sett saman av eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng og emne og eventuelt spesialpensum på til saman 60 studiepoeng valt i samråd med rettleiar.
Emna PHYS251 Det nære verdsrommet og PHYS252 Eksperimentelle metodar i romfysikk bør inngå i bachelor- eller mastergraden. Andre emne som inngår i mastergraden blir valt i samråd med rettleiaren ettersom den optimale fagsamansetjinga vil vere avhengig av forskingsoppgåva.
Omfang masteroppgåva
Du skal i samråd med rettleiaren velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 20.november.
Arbeids- og undervisningsformer
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Relevans for arbeidsliv
Romfysikk gjer mogelegheiter for arbeid innan forsking og/eller undervisning ved universitet, statlege høgskular eller forskingsinstitutt. I tillegg arbeider romfysikere for private firma innan romteknologi, telekom, måleteknikk, oljeindustri, informasjonsteknologi, marin forsking eller i media. Romfysikk kan også gje arbeid i utlandet. Til dømes har kandidatar med grad i romfysikk fått jobb ved forskingsinstitutt, universitet eller romfartsorganisasjonar i USA, Tyskland, Sveits, Nederland og Finland. Folk med grad i romfysikk arbeider dessutan innan administrasjon og undervising i vidaregåande skule og i offentleg forvalting. Studiet skal gi godt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan romfysikk eller nærliggande fagfelt.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Adminstrativt ansvarleg
Institutt For Fysikk og Teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studie.fysikk@uib.no
Tlf 55 58 27 66