
10 reasons to choose UiB
UiB provides an amazing student environment, engaging studies with skilled teachers and an education that gives you exciting career opportunities
Masterprogrammet i sosiologi gir ei brei orientering i teoriar, ulike empiriske felt og metodiske tilnærmingar i faget. Med ein master i sosiologi får du ein allsidig fagleg, analytisk og metodisk kompetanse som samfunnet og næringslivet treng.
På masterprogrammet i sosiologi får du ein kombinasjon av generell kunnskap i teori og metodekunnskap. I løpet av programmet får du kunnskapar og ferdigheiter i empirisk sosiologi. Det får du blant anna ved å bruke statistiske analyseteknikkar og kvalitative tilnærmingar.
Ein student som tar masterprogram i sosiologi
Masterprogrammet held til på Sosiologisk institutt på SV-fakultetet. Det første året skal du innom både kvalitativ og kvantitativ metode i tillegg til sosiologiske teoritradisjonar og analyse. Studiet er sett samen av forelesingar, seminargrupper, masteroppgåve og sjølvstudium. Dei to første semestra vil det vere mest forelesingar og seminargrupper (om lag 4-8 timar pr veke). Dei to siste semestra består av arbeid med masteroppgåva.
Første semester blir du orientert om forskingsprofilar og faglege interesseområde til dei vitskapleg tilsette. Sjølve masteroppgåva strekker seg over to semester. Du får rettleiing i utforminga av prosjektskissa og i arbeidet med masteroppgåva. I arbeidet får du fast plass på lesesalen for masterstudentane.
Om du skriv masteroppgåve med tema innanfor eit av instituttets profilområde, kan du bli knytt til ei av forskargruppene ved instituttet.
Vanlege arbeidsplassar etter fullført master i sosiologi er:
Med masteroppgåve kan du fordjupe deg innanfor tema i sosiologien som du er interessert i, og rette oppgåva inn mot ønska karrierevegar.
Read interviews with former studentsStudents with citizenship from countries outside the EU/EEA/Switzerland must pay tuition fees. Some applicants may be exempted from this rule.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
Teaching language: Norwegian
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Mastergraden i sosiologi har fem obligatoriske emne (50 studiepoeng), eit valfritt emne på 10 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
1. semester, haust
SOS302 – Sosiologiske teoritradisjonar (10 studiepoeng)
SOS304 – Metode – kvalitative tilnærmingar (10 studiepoeng)
Vel eit valemne:
SOS320 – Velferd, ulikskap og livsløp (10 studiepoeng)
SOS321 – Migrasjon, integrasjon og mobilitet (10 studiepoeng)
SOS322 – Arbeid, klasse og utdanning (10 studiepoeng)
2. semester, vår
SOS301 – Sosiologisk analyse (10 studiepoeng)
SOS303 – Metode – statistisk analyse (10 studiepoeng)
SOS340 – Prosjektutvikling (10 studiepoeng)
3. semester og 4. semester
SOS360 – Masteroppgåva (60 studiepoeng)
Du kan ta delar av utdanninga di utanlands, og vi har fleire utvekslingsavtalar. Studentar på utveksling må ta emne i sosiologi til erstatning for dei obligatoriske emna i graden.
Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som er mogleg å gjennomføre på masternivå.
Du kan bli lektor om du tar eit år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir undervisningskompetanse i samfunnsfag. Svært mange sosiologar arbeider som lektorar i vidaregåande utdanning.
Du kan ta doktorgrad (ph.d.) ved å søke opptak til forskarutdanninga.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.