Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Stand i SV-bygget

Studentorganisasjonar kan søkje til Det samfunnsvitskaplege fakultet om å få stå på stand i Lauritz Meltzers hus.

En jente deler ut flyers til studenter i inngangspartiet til SV-bygget
Foto/ill.:
Leif Skaar

Hovedinnhold

Alle studentorganisasjonar som er registrert under Velferdstinget har løyve til å stå på stand i SV-bygget på kvardagar mellom 10-15. Dersom din organisasjon står på lista kan du søkje om å stå på stand. 

Andre ikkje-kommersielle aktørar må ta kontakt med Eigedomsavdelinga ved UiB (post@eia.uib.no) for å søkje om løyve til å stå på stand. Kommersielle aktørar har ikkje løyve til å stå på stand ved SV-fakultetet.

Har du ytterlegare spørsmål, ta kontakt med Informasjonssenteret i 3. etasje på SV-fakultetet, eller send e-post til studieveileder@svfa.uib.no.

Retningsliner for stand på SV-fakultetet

1)   Kven kan stå på stand?

Alle studentorganisasjonar som er registrert under Velferdstinget har løyve til å stå på stand i SV-bygget på kvardagar mellom kl. 08 - 15. Andre ikkje-kommersielle aktørar må ta kontakt med Eigedomsavdelinga ved UiB (post@eia.uib.no) for å søkje om løyve til å stå på stand.

2) Standområde og profilering

SV-fakultetet har eit eige standområde ved inngang til SV-fakultetet i 3. etasje.  Her er det eit bord og stolar som kan nyttast til stand. I tillegg er følgjande profilmateriell lov å ta med:

  • Roll-ups ved sidan av stand
  • Plakatar på stand og i lovlege plakatområder
  • Brosjyrar og anna profilmateriell til utdeling
  • Enkel mat og drikke som ikkje er sponsa av, eller blir oppfatta som reklame for, kommersielle aktørar (kaffi, twist, smågodt, muffins og liknande).

Treng de å bruke lyd- og videomateriell må dette leggast inn som eit særskild ønskje under «Andre kommentarar» nedst i søknadsskjemaet. Fakultetet vil vurdere dette i kvart einskild tilfelle og gje tilbakemelding.

Profilmateriell som ikkje er lov:

  • Produkt frå kommersielle aktørar (til dømes reklamemateriell, forbruksvarer, smaksprøver og liknande)
  • Utstyr som blokkerar veg eller sikt for studentar (større plakatar/banner, møblar osv.)

3) Rydding

De har sjølv ansvar for å rydde og ta med all profilmateriell når de er ferdige. Dersom de skal stå på stand i fleire samanhengande dagar må de rydde standen etter kvar dag.

4) Vikeplikt

Løyve til å stå på stand er gitt under føresetnad av at det ikkje kjem i konflikt med anna verksemd på SV-fakultetet. Interne arrangement har alltid forrang, også dei som blir oppretta etter at løyve til stand er gitt.