Elektronisk resultatoverføring med Emrex
Har du vore på utveksling i Sverige eller Finland kan du overføre resultata dine frå utvekslingsopphaldet elektronisk til UiB ved hjelp av Emrex, og slepp å vente på karakterutskrifta på papir.
Hovedinnhold
Emrex er eit nytt system for elektronisk overføring av resultater frå vertsinstitusjonen etter utvekslingsopphaldet. Studenten står sjølv for importen via Studentweb ved at han/ho logger seg inn på vertsinstitusjonen via Emrex-portalen og importerer resultata til Studentweb/FS. Overføring av resultat må gjerast medan ein fortsatt har Feide-tilgang og tilgang til vertsinstitusjonen sin studentportal. Framgangsmåte:
- Logg deg på Studentweb.
- Trykk på "Resultat" øvst på sida.
- Velg "Import av resultat frå utanlandsk institusjon" heilt nedst på sida.
- Velg aktuelt land.
- Trykk på "Gå til vald land".
- Velg institusjonen du studerte ved, logg inn i studentportalen der og følg instruksjonane for å overføre resultata via Emrex.
Land/institusjonar som så langt har tilslutta seg løysinga:
- Norge: alle institusjoner
- Finland: alle institusjoner
- Sverige: alle institusjoner
- Danmark: Technical University of Denmark, University of Copenhagen
- Italia: University of Verona
- Polen: University of Warsaw, Jagiellonian University in Kraków, Adam Mickiewicz University in Poznań, Nicolaus Copernicus University in Toruń, Maria Curie-Skłodowska University in Lublin, University of Opole, University of Bialystok.
08.11.2017