Ved Universitetet i Bergen har du fleire måtar å bli lektor på og du kan velje mellom ei rekke fag og fagkombinasjonar. Som lektorstudent ved Universitetet i Bergen blir du ein trygg og engasjerande formidlar, og ein sterk fagperson med god innsikt i faga som interesserer deg mest.
Kva er ein lektor?
Ein lektor er ein lærar med mastergrad og pedagogisk kompetanse frå universitet eller høgskule. Som lektor frå Universitetet i Bergen får du kompetanse til å undervise i både ungdomskule og i vidaregåande skule.
Kva er jobbmoglegheitene som lektor?
Skulen har eit stort behov for lærarar med høg fagleg og pedagogisk kompetanse. Andre aktuelle undervisingsjobbar inkluderer vaksenopplæring, fagskule og folkehøgskule. Lektoren kan også arbeide i administrative roller og med opplysnings- og informasjonsarbeid, både i og utanfor skulesektoren.
Som lektor får du ei god startløn. Du kan lese meir om lektoryrket og løn på Utdanning.no.
Få sletta studielån
Lånekassen har fleire ordningar for sletting av gjeld for lærarar. Dersom du fullføre grunnskulelærar- eller lektorutdanning og jobbar i skulen i tre år etterpå, kan du få sletta delar av studielånet ditt. Du kan lese meir om sletting av gjeld for lærarar på Lånekassen sine sider
Universitetet i Bergen sine 5-årige lektorprogram
Med ei 5-årig lektorutdanning får du både master og undervisningskompetanse i same slengen, og du blir kvalifisert til læraryrket i både ungdomskule og i vidaregåande skule.
Gjennom studiet får du undervisningskompetanse i to undervisningsfag. Du får eit solid faggrunnlag i begge faga og du lærer kritisk refleksjon rundt fag, undervisning og læring. Studiet inneheld også pedagogikk (korleis å lære bort og oppdra), fagdidaktikk (djupare refleksjon om faget og korleis du underviser i faget) og 100 dagar i praksis i ungdom- og vidaregåande skule.
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), heiltid
PPU er eit eittårig påbyggingsstudium for deg som har ein mastergrad* frå før, og som ønskjer deg undervisingskompetanse. Med PPU blir du kvalifisert til å undervise frå 5. til 13. trinn i skulen.
* Unntak frå krav om mastergrad for søkarar med fullført bachelorgrad og minst to års relevant arbeidserfaring frå skulen, til og med opptak hausten 2029.
Om utdanninga
Gjennom studiet får du undervisningskompetanse i eitt eller to undervisningsfag. Studiet inneheld pedagogikk (korleis å lære bort og oppdra), fagdidaktikk (djupare refleksjon om faget og korleis du underviser i faget) og 60 dagar i praksis i ungdom- og vidaregåande skule.
Universitetet i Bergen sine PPU-utdanningar
2-årig lektorutdanning
Med profesjonsretta master i realfag med praktisk-pedagogisk utdanning blir du realfagslektor og kvalifisert til å undervise frå 5. til 13. trinn i skulen.
Her kan du lese meir om UiB sin profesjonsretta master i realfag med PPU
Erfaringsbasert master
UiB tilbyr masterprogram for deg som allerede er lærar og vil styrke undervisningskompetansen din til master og lektorkompetanse. Undervisninga er forskningsbasert, og legg opp til fagleg fordjupning i tett samspel med erfaringskunnskapen du har tileigna deg frå arbeidet som lærar.