Hjem
Studentsider
erasmus+

Radboud Universiteit og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByNijmegen
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar som går på bachelor- eller masterprogrammet i geografi. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng, for masterstudentar passar det best å reise ut i 2. semester.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er nederlandsk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Emnetilbodet ved Radboud Universiteit Nijmegen er presentert her: http://www.prospectus.science.ru.nl/2016/en/management/

Berre studentar med studierett på masternivå kan ta masteremne. Du kan elles ta emne frå alle institutt og fakultet så lenge du har dei naudsynte forkunnskapane, men pass på eventuelle kollisjonar i timeplanen dersom du vel emne frå ulike fagfelt.

Department of Geography, Planning and Environmental Studies har spesielt fokus på bygeografi, regional økonomisk utvikling og grensestudiar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor alle fagfelt ved universitetet. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen i 2. semester av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Interiør
Foto/ill.:
© Radboud University Nijmegen

Informasjon