Hjem
Studentsider
erasmus+

Erasmus Universiteit Rotterdam og Institutt for politikk og forvaltning (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByRotterdam
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Søkarar frå Institutt for politikk og forvaltning har fortrinn før sosiologi og andre samfunnsvitskapelege fagområde. Det er òg mogleg for psykologistudentar å reise ut på denne avtalen.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Det er ein fordel å ha tatt metodekurs før utreise. Merk at grunna semesterinndelinga (blokkar) er det berre mogeleg å reise for eit heilt år eller berre på vårsemesteret.

Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er nederlandsk og engelsk. B2-nivå (CEFR) i engelsk er eit krav, men norske studentar skal ikkje måtte ta test.

Institusjonen tilbyr nederlandsk språkkurs til utvekslingsstudentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Studentar innan politikk og forvaltning og sosiologi blir oppfordra til å søke. Faculty of Social Sciences (FSS) består av fire institutt (Sociology, Public Administration, Psychology og Pedagogical Sciences). Forutan emne innan desse faga, kan ein etter avtale ta eitt emne ved eit anna fakultet. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet. FSS driv blokkundervisning der eit akademisk år har 8 blokkar.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna utgjer frå 5 til15 ECTS avhengig av kor mange undervisningsblokkar emnet famnar om. Nokre emne har fleire delmodular der det er mogleg å ta for eksempel 1 av 3 moduler for 5 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Studenter foran innsjø
Foto/ill.:
© Erasmus Universiteit Rotterdam

Informasjon