Hjem
Studentsider
erasmus+

Zeppelin Universität og Institutt for politikk og forvaltning (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByFriedrichshafen
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet kan søke. Søkarar frå Institutt for politikk og forvaltning har fortrinn før andre samfunnsvitskapelege fagområde. Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Masterstudentar kan reise ut i andre semester. Det er ein fordel å ha tatt metodekurs før utreise.

Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling

Språk

Undervisningsspråka er tysk og engelsk. B2-nivå (CEFR) i minst eitt av undervisningsspråka vert anbefalt.

Kva emne kan eg ta

Zeppelin University er ein privat samfunnsvitskapleg institusjon. Dei tilbyr emne innan politikk, administrasjon og ledelse, sosiologi og økonomi, kultur og kommunikasjon, og har ein tydeleg tverrfaglig tilnærming. Alle emne på engelsk er åpne for innreisande. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon