Hjem
Studentsider
erasmus+uk

University of York og Sosiologisk institutt (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByYork
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på bachelorprogram i sosiologi har fortrinn på plassane før studentar frå andre samfunnsvitskapelege fagområde. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Frå og med studieåret 2023/2024 endrar University of York semester inndelinga til to semester: haustsemesteret er frå september til januar og vårsemesteret frå februar til juni. Tidlegare vart studieåret ved University of York delt inn i trimester.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise på utveksling for eit heilt eller eit halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk, og du må dokumentera engelsskunnskapar tilsvarande B2-nivå. For opphald som varer opp til 6 månader er det tilstrekkeleg med kopi av vitnemål med minst karaktersnitt 4 i engelsk frå VGS. Viss opphaldet varer lengre, må språkkunnskapar dokumenterast med ein offisiell test.

Kva emne kan eg ta

Som utvekslingsstudent ved Department of Sociology kan du ta ei rekke ulike emne i sosiologi. Ein står elles fritt til å velje frå det tilgjengelege emnetilbodet og kan ta emne frå eitt anna institutt.

På denne sida finn du meir informasjon om modular og emnetilbodet ved universitetet. Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS (120 credits) per år. Kvart emne svarar til 5-15 ECTS.

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© University of York

Informasjon