Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Granada og Sosiologisk institutt (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByGranada
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på programma i sosiologi og samanliknande politikk har fortrinn på plassane før andre samfunnsvitskapelege fagområde. Søkar må ha avlagd minst 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Merk at selv om undervisninga for haustsemesteret sluttar i desember kan det være eksamen i januar.

Språk

Undervisningsspråk er spansk. B1 nivå (CEFR) vert sterkt anbefalt. Institusjonen tilbyr språkkurs til utvekslingsstudentar.

Kva emne kan eg ta

Utvekslingsstudentar vert tilknytt Faculty of Political Science and Sociology. Her kan ein ta ei rekke ulike emne i sosiologi og statsvitskap på spansk. Dei tilbyr eit begrensa utval emne på engelsk. Utreisande studentar må kunne studere på spansk for å vurdere eit utvekslingsopphald ved dette universitetet. På denne nettsida finn ein informasjon for innreisande studentar.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna er normalt 6 ECTS.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Bildecollage
Foto/ill.:
© Universidad de Granada

Informasjon