Hjem
Studentsider
erasmus+

Università degli Studi di Padova og Sosiologisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByPadova
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på programma i sosiologi har fortrinn på plassane. Studentar frå andre samfunnsvitskapelege fagområde kan søkje dersom det er ledige plassar. Søkar må ha avlagd minst 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søke om opptak for eit semester, eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise ut for eit halvt år mellom tredje og sjette semester. Merk at eksamen i haustsemesteret er i januar/februar.

Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er engelsk og italiensk, og det er krav om A2-nivå (CEFR) for emne på italiensk og B1-nivå (CEFR) for emne på engelsk.

Universitetet tilbyr språkkurs til utvekslingsstudentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet

Kva emne kan eg ta

School of Human and Social Sciences and Cultural Heritage har eit godt utval emne på engelsk, og på denne nettsida finn ein oversikt over desse emna. Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer som regel 6 eller 9 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon