Hjem
Studentsider
erasmus+

Institut d'Etudes Politiques de Bordeaux og Institutt for politikk og forvaltning (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByPessac-Cedex
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar frå Institutt for politikk og forvaltning har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre samfunnsvitskaplege fagområde kan vurderast om det er ledig plass. Ein må ha tatt minimum 60 studiepoeng før ein kan reise på utveksling. Det er mogeleg å søke om opptak for eit semester, eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar passar det normalt best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Studentar på masterprogrammet i Politikk og forvaltning kan normalt reise i andre semester. Studentar på masterprogrammet i Politics and Governance of Global Challenges kan reise i sitt tredje semester. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er fransk og engelsk. Sciences Po Bordeaux krev B1-nivå i fransk (CEFR) dersom ein ønskar å følgje emne på fransk. Det vert krevd eit offisielt sertifikat for å stadfesta språkkunnskapar i fransk.

Institusjonen tilbyr fransk språkkurs til utvekslingsstudentar.

Kva emne kan eg ta

Sciences Po Bordeaux tilbyr eit breitt spekter av samfunnsfaglege emne på engelsk og fransk. Spesielt emne innanfor statsvitskap, økonomi og jus med hovudvekt på teoriar knytt til fagfeltet International Relations, men ein finn òg emne som omhandlar fransk samfunn, historie, kultur og språk. Oversikt over emnetilbodet finn du på denne nettsida. Heilårsstudentar ved Sciences Po-skulane har moglegheit til å ta Certificat d'Etudes Politiques (Certificate of Political Studies). Det gjeld eigne krav for dette.

Sciences Po Bordeaux gir 2 studiepoeng for "Integration Week" (velkomstveka), men dette godkjennast ikkje som studiepoeng i gradar ved SV-fakultetet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna utgjer normalt 2-8 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå og innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon