Hjem
Studentsider
erasmus+uk

University of Southampton og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • BySouthampton
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar med gyldig studierett på bachelor- og masterprogramma i historie. Studieretten må være gyldig i heile den perioden du er på utveksling.

Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter historiestudentane i fall det er fleire søkarar enn ledige plassar. Ein må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Universitetet krev ein språktest (IELTS, TOEFL eller Duolingo test). Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Du kan enten ta delar av spesialiseringa di, eller du kan velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden, ved dette universitetet.

Ønsker du å ta delar av spesialiseringa di på utveksling må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne ved UiB. Vel du å ta frie studiepoeng kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Emna kan ikkje overlappe med emne du har frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Du kan få råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© University of Southampton

Informasjon