Hjem
Studentsider
bilateral

Bond University og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 3. og 5. studieår)

  • LandAustralia
  • ByGold Coast
  • Studieplassar8
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap. For å vere kvalifisert til utveksling ved Bond University må du ha eit karaktersnitt på rein C eller betre.

Om tal på plassar: Til Bond University kan inntil 8 studentar utveksle i haustsemesteret, og inntil 8 studentar kan utveksle i vårsemesteret (4 studentar på 3. studieår og 4 studentar på 5. studieår).

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Utvekslar du på 3. studieår kan du ved dette universitetet ta juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.

Studieåret 2024/2025: Utvekslar du på femte studieår kan du ta juridiske emne som blir godkjente enten som spesialemne (30 sp) eller som masteroppgåve (30 sp).

Frå 2025/2026: Utvekslar du på femte studieår kan du ved dette universitet enten ta juridiske emne enten blir godkjente som spesialemne (10 sp) og fordjupingsemne (20 sp), eller juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (10 sp) og masteroppgåve (20 sp).

I denne videoen kan du høyre meir om korleis det er å studere ved Bond University.

Utveksling på 3. studieår:
Studentar som utvekslar som del av tredje studieår skal velje emne blant undergraduate-emne (LLB) innan juss.Desse vil bli godkjente

denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet på bachelornivå ved Bond University. Studentar frå UiB skal ikkje hake av for "Study Abroad Subject only".

10 credit points ved Bond University svarar til 7,5 studiepoeng, og 40 credit points valde blant emna på Bond University (4 fag à 10 credit points kvar) svarar til 30 studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje har same innhald som emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.

Utveksling på 5. studieår:
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne og fordjupingsemne i mastergraden i rettsvitskap. Du kan òg skrive ei oppgåve og få denne godkjent som masteroppgåva i mastergraden i rettsvitskap. Bond University er spesielt sterke på «Dispute Resolution and Mediation». I tillegg blir det lagt stor vekt på «Corporate law», spesielt «International corporate law, finance and contracts». Andre fagområde dei er sterke på inkluderer «International law» og «Criminal law».

Studentar som utvekslar som del av siste studieår skal velje emne blant postgraduate electives. Dette er valemne på masternivå som inngår i LLM-graden Master of Laws. 10 credit points ved Bond University svarar til 7,5 studiepoeng, og 40 credit points valde blant emne på masternivå (4 fag à 10 credit points kvar) svarar til 30 studiepoeng.

Ein kan få godkjent masteroppgåve ved å skrive å skrive ei oppgåve som kan tilsvare den norske masteroppgåva både i innhald, omfang og dybde. Det er mogleg å oppnå dette gjennom å ta emnet Individual Study in Law (LAWS77-610, LAWS77-611 eller LAWS77-612 - 10 credit points). Dette emnet må ein søke Bond University særskilt om å få lov til å ta.

Du skal også ta andre emne i tillegg til "indvidual study" slik at arbeidsbelastninga totalt er på 40 credit points per semester.Slik kan semesteret til saman gje godkjenning for masteroppgave på 30 studiepoeng (studieåret 2024/2025), eller som masteroppgåve (20 studiepoeng) og spesialemne (10 studiepoeng) (frå og med studieåret 2025/2026)-

denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet ved Bond University.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje har same innhald som emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.

Det er også mogleg å ta ein LLM-grad ved Bond University og få godkjent både spesialemne og masteroppgåve på 5. studieår. Dersom du i utgangspunktet har søkt utveksling kun for eitt semester, kan det likevel vere mogeleg å søke overgang til LLM og utvide til to semester dersom du har oppnådd gode resultat i det første semesteret og det passer i utdanningsplanen din.

Studieavgift

Kvart år er det éin gratisplass ("exchange") for studentar på 3. studieår og éin gratisplass ("exchange") for studentar på 5. studieår. Gratisplassen blir tildelt søkaren med best loddnummer i loddtrekninga.

I tillegg til dei to utvekslingsplassane utan skolepengar, kan vi sende studentar som betalar skolepengar («Study Abroad»). I 2025 er ordinære skolepengar for «Study Abroad»-studentar 13 900 AUD per semester. Studentar frå UiB får 10 % rabatt på skolepengane.

I 2025 og i første semester i 2026 får "Study Abroad"-studentar utdelt eit kort med 1000 AUD når dei har fullført dei fire første vekene av semesteret. Dette kortet kan nyttast i kantiner og matutsal på campus. (NB! "Exchange" og LLM-studentar får ikkje dette frynsegodet).

Gjennom denne avtala kan inntil 8 sisteårsstudentar utveksle i haustsemesteret, og inntil 4 sisteårsstudentar og 4 tredjeårsstudentar utveksle i vårsemesteret.

Lånekassen gjev støtte til skolepengar, storparten som lån og noko som stipend.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Merk: frå 1. juli 2024 auka australske visummyndigheiter kostnaden for å søke om visum til AUD 1600.

Særleg for studentar på siste studieår:
Dersom ein søker overgang til LLM-programmet og undervegs utvidar opphaldet til to semester, får ein òg 10% rabatt på skolepengane for andre semesteret, ikkje 30% som ein får dersom ein søker opptak til LLM i utgangspunktet.

Join us on the Gold Coast

Studentrapportar

Bilete av campus
Foto/ill.:
© Bond University

Informasjon