Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad Complutense de Madrid og Institutt for politikk og forvaltning (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByMadrid
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for politikk og forvaltning har fortrinn på plassane. Søkarar frå samanliknande politikk har fortrinn før andre samfunnsvitskapelege fagområde om det er ledige plassar. Du må ha tatt minumum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling. Det er mogeleg å søke for eit semester (berre vår) eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Andre semester for masterstudentar. Merk at for haustsemesteret er eksamen i januar. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon og råd om utveksling.

Språk

Undervisningsspråk er spansk. B1-nivå (CEFR) i spansk er tilrådd. Institusjonen tilbyr spansk språkkurs til utvekslingsstudentar for nivå inntil C1.

Kva emne kan eg ta

Instituttet tilbyr emne innanfor statsvitskap, men ein kan òg ta emne innanfor andre samfunnsfag. Ein kan kontakte Erasmus-koordinatoren (CIENCIAS POLÍTICAS Y SOCIOLOGÍA) for oversikt over kva for emne ein kan ta. Her finn ein også ein oversikt over emna. Emne på engelsk blir berre tilbudt av Faculty of Economics and Business Administration. Ein kan ta inntil to emne ved eit anna fakultet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Universidad Complutense de Madrid

Informasjon