Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for studentar som går på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet - Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk
Når i studiet kan eg reise
Det passar vanlegvis best å reise på utveksling i 3. studieår. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både haustsemesteret og vårsemesteret.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
Utøvande emne som erstattar hovedinstrument (25 studiepoeng) og utøvande støttedisiplin (5 studiepoeng), og i tillegg 30 frie studiepoeng, som inngår i graden som valemne.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universitetet ligg sentralt i Finland i byane Jyväskäle og Saarijärvi. Det har over 8 500 studentar, og satsar sterkt på internasjonalisering. Dette tekniske universitetet fekk i 2013 førsteplassen i Erasmus Award for Excellence, føre 4500 andre kandidatar. Entreprenørskap er eit anna av fokusområde, og årleg ser kring 30 nye selskap dagens lys med utgangspunkt i verksemd ved universitetet.
Jyväskylä blei grunnlagd i 1837 av tsar Nikolaj I, og har heile 328 innsjøar innom kommunegrensa. Området er kjent for rike arkeologiske funn frå steinalderen, og for å vere den byen i verda som har flest bygningar teikna av den verdskjende finske funkisarkitekten Alvar Aalto. Jyväskylä er vertsby for Rally Finland, som kvart år samlar ein halv million publikummarar.
Bustad
Ein kan søke om studentbustad innan gitte fristar før kvart semester.
Semesterinndeling
August ¿ desember og januar ¿ mai.