Hjem
Det humanistiske fakultet
akademiets lærarpris

– Lærargjerninga er viktig og verdifull

– Det er mykje som er bra med å vere lærar, men det beste er kanskje tanken på at ein får vere med å forvalte og forme både elevar sin her-og-no-situasjon og framtida deira, seier lærar og prisvinnar Per-Magne Løken.

Mannlig lærer holder opp en diplom
– Eg har både stor glede og utbytte av jobben min. Eg lærer noko kvar dag, seier lærar ved Måløy vidaregåande skule, Per-Magne Løken.
Foto/ill.:
Thomas B. Eckhoff, Det Norske Videnskaps-Akademi

Hovedinnhold

Det Norske Videnskaps-Akademiet delar annakvart år ut ein pris til ein lærar som har gjort ein ekstraordinær fagleg og pedagogisk innsats. I år gjekk denne prisen til Per-Magne Løken, lærar ved Måløy vidaregåande skule. Løken har fagutdanninga si frå HF, og vi stiller oss difor i gratulantane si rekkje. Samstundes ønskjer vi å høyre litt meir om korleis det står til ute i skulen. Gir det offentlege ordskiftet om skule og lærargjerning eit riktig bilete?

– Først vil eg få takke for gratulasjon, og så vil eg seie at det er veldig bra, uavhengig av at eg vart tildelt prisen, at det finst ein slik pris, for det gir eit signal frå ein institusjon med tyngde om at lærargjerninga er viktig og verdifull, seier prisvinnar Løken. 

Med Per-Magne Løken som lærar har engelskfaget blitt spesielt populært i Måløy, medan andre små skular slit med rekrutteringa til faget. Elevar ved skulen har sagt til lokalavisa at han lærer vekk fagstoffet på ein måte som ikkje gjer det kjedeleg, men interessant og kjekt. Kva er det han gjer? Vi spør.

Har du nokre spesielle triks for å engasjere og aktivere elevane?

Når det gjeld engelskfaget, har eg prøvd å utforske dei mange moglegheitene som faget har til å variere faglege aktivitetar. Alle språkfag er òg i stor grad kommunikasjonsfag, altså i sin natur praktiske fag, og det synest eg det er viktig å utnytte i klasserommet.

Eg prøver å førebu timane godt, med ein klar plan for kvar økt, ut frå ei målsetjing om at elevane skal vere mest mogleg aktive sjølve. Det er viktig at det ikkje er læraren som spelar hovudrolla i ei undervisingsøkt og som er den mest aktive. Ein må unngå å «snakke i hel» timar.

Ein må unngå å «snakke i hel» timar.

Det eg gjer av tradisjonell førelesing er ein relativt liten del av tida i klasserommet, men eg understrekar at når eg går gjennom noko, så er det fordi det eg vel å ta som felles gjennomgang er spesielt viktig at dei får med seg. Elles brukar eg mykje spel, par-aktivitetar og ulike typar quiz for å repetere og halde stoff varmt.

Å vere lærar er meir enn fag og undervising. Kva gjer du for å skape eit godt læringsmiljø som får elevane til å trivast i timane?
 
Når det gjeld trivsel i klasserommet, så er jo elevane den viktigaste faktoren der. Eg prøver å ansvarleggjere dei sjølve på det, men samtidig vere tydeleg på visse forventningar i samspelet dei imellom. I tillegg, så er det viktig at elevane har tillit til læraren sin, så eg arbeider mykje med det når eg møter ei ny klasse.

Ein viktig ting der er å lære seg namna deira så snart som absolutt mogleg. Det å kunne bruke namn, helst allereie andre dagen, opplever eg som ekstremt viktig for å få ein god start. Og så må ein smile mykje og vere grunnleggande positiv og løysingsorientert.

Ein smile mykje og vere grunnleggande positiv og løysingsorientert.

Kva er det beste med jobben din som lærar?

Det er mykje som er bra med å vere lærar, men det beste er kanskje tanken på at ein får vere med å forvalte og forme både elevar sin her-og-no-situasjon og framtida deira. Det er ein veldig vakker prosess å få vere ein del av. Og så likar eg så godt å vere i lag med ungdom.

Har du sjølv fagleg glede og utbytte av jobben din? 

Eg har både stor glede og utbytte av jobben min. Eg lærer noko kvar dag. Viss ein skal utvikle seg både fagleg og pedagogisk/didaktisk så må ein søke kunnskap og vere nysgjerrig. Då vil ein automatisk lære nye ting.

Du underviser i to krevjande fag, norsk og engelsk, korleis får du tida til å gå opp?

Først og fremst synest eg sjølv at norsk og engelsk er dei mest interessante faga, så eg føler meg privilegert over å få formidle dei.

Eg skal ikkje legge skjul på at det av og til blir ein del vurderingsarbeid og at det kan vere eit visst arbeidspress i periodar. Samtidig har ikkje eg noko anstrengt forhold til rettings-/vurderingsarbeid. Det er ikkje det kjekkaste, men er heller ikkje noko eg gruar meg til å gjere. Og så går det an å tenke litt igjennom kor mange vurderingar ein treng å gi, og kva form desse skal/kan ha.

Kva er dei største utfordringane i læraryrket, og korleis handterer du desse?
 
Det kjem heile tida nye ting ein må ta inn over seg og eigen praksis. Akkurat no er det vel kunstig intelligens som blir ei utfordring. Men vi må hugse på at Google i si tid var ein liknande «game changer» som ein måtte tilpasse det ein gjorde til. Av andre ting så er det ei utfordring med mobilbruk. Akkurat i timane har ein reglar for det, men eg er bekymra for kor mykje tid ungdommane brukar på mobilen.

I tillegg er det vanskeleg å få innsyn i kommunikasjon som går digitalt som kan bidra til utestenging og mobbing. Det gir utfordringar i rolla som kontaktlærar fordi ein ikkje har tilgang til dei arenaene der dette skjer, men likevel får ein slike ting eller konsekvensane av det i fanget på skulen.

Kva meiner du er dei viktigaste eigenskapane ein lærar bør ha?
 
Den viktigaste er at ein må bry seg om elevane og ein må like det ein gjer. Viss det er på plass, så kjem resten òg.

Er lærarjobben slik du hadde førestilt deg den før du byrja å jobbe?
 
Nei, lærarjobben no er ikkje heilt slik eg såg føre meg då eg starta. Verda har forandra seg på dei vel 20 åra eg har vore lærar, og det har arbeidet i skulane rimelegvis òg. Men det har på mange måtar blitt betre enn eg trudde, etter som eg har vakse meg inn i lærarrolla og blitt tryggare der. Eg er veldig glad for at eg vart lærar, for det har vore utruleg gjevande så langt.

Eg er veldig glad for at eg vart lærar, for det har vore utruleg gjevande så langt.

Korleis synes du studia førebudde deg på jobben?

Eg gjekk «den gamle vegen» med å studere fag på universitetet her i Bergen, og så tok eg PPU på deltid etter at eg hadde starta å undervise på Måløy vidaregåande. Det eg kan seie er at eg er godt fornøgd med den faglege ballasten eg fekk med meg frå UiB. PPU tok eg ved ein annan utdanningsinstitusjon.

Det er ei stund sidan du studerte sjølv, men har du nokon råd til dei som er i gang med lektorstudia eller som skal byrje no til hausten?
 
Først og fremst må nye og noverande studentar nyte og setje pris på studietida i Noregs beste by. Det er ei tid som aldri kjem igjen. Eg tenker tilbake på mi eiga studietid med stor glede. Elles er det å vere interessert og nysgjerrig (still mykje spørsmål) viktig.