Hjem

Molekylærbiologi, bachelor, 3 år

På dette bachelorprogrammet lærer du om molekyla - byggeklossane i cellene våre - og korleis dei samarbeider. Studiet passer for deg som vil forstå korleis celler og organismar fungerer, korleis sjukdom oppstår og korleis vi kan forbetre verda rundt oss.
  • Lengde3 År
  • Ordinær48,5
  • Primær50
  • Plassar40
  • OpptakskravREALFA
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat)!

Påmelding til undervisning (IGANG): Etter at du har takka ja til studieplass skal du registrere deg til undervisning via IGANG. Du blir då registrert til emne som du skal ha undervisning og ta eksamen i haust. Når du registrerer deg, vel du samstundes om du vil delta i mentor- og faddergruppe. Frist for å registrere deg i IGANG er 24. juli.  

Oppfriskingskurs i matematikk: I veke 32 tilbyr me oppfriskingskurs i matematikk. Kurset er frivillig, men vi tilrår deg å melde deg på og delta på dette.

Bli klar som student: Meir informasjon om det du treng å vite før studiestart, finn du i UiBtreet. I slutten av juli fekk du ein e-post med lenke og informasjon om korleis du får tilgang. Før du får tilgang, kan du halde deg oppdatert på «Velkommen som ny student». Dersom du melder deg på mentorordninga, vil mentoren din ringe deg i veke 32 for å ynskje deg velkommen. Mentoren din kan også svare på enkle studierelaterte spørsmål. 

Frammøte: Studiestart er måndag 12. august kl. 08.45 på Realfagsbygget. Vi tilrår at du møter.

Studieprogrammøte for nye studentar i veke 33 er obligatorisk. Finn tid og stad for møtet. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 30 30 eller studie.matnat@uib.no.

Følg oss på sosiale medier: 

@realfaguib på Instagram og TikTok!

@fadderstyretmatnat på Instagram

 

Ny realfagstudent ved UiB

Produsent:
UiB

Kva lærer du? 

På bachelorstudiet i molekylærbiologi får du brei kunnskap om den molekylære oppbygginga, kjemien og fysikken til biologiske makromolekyl som DNA, RNA, protein og lipid. Du lærer om korleis cella er oppbygt og korleis ho fungerer, og du får ei innføring i bioinformatikk. Du får òg praktisk erfaring frå laboratoriet, kor du lærer om metodar og instrument.  

Dette studieprogrammet har mange valfrie emne, så du har stor fridom til å velje dei faga du er mest interessert i. 

Dei tilsette du møter i fagmiljøet arbeider med spennande problemstillingar innan molekylærbiologi, bioteknologi og biomedisin, og dei bruker modellsystem som fluer, fisk, gjær og humane celler for å løyse forskingsspørsmåla sine. 

Bachelorprogrammet i molekylærbiologi passar for deg som er nysgjerrig på korleis biologiske prosessar fungerer, og som har lyst å jobbe med praktiske oppgåver for å kunne løyse framtidige utfordringar knytt til sjukdom, genredigering, utvikling av vaksinar og basale biologiske spørsmål. 

Studiekvardag 

I ei typisk veke på bachelorstudiet må du rekne med å vere på campus kvar dag. I semestera med laboratorieundervisning vil du ha fulle dagar på lab-en fleire dagar i veka. Mykje av studietida vil bestå av forelesingar, lab-øvingar og rapportskriving. I tillegg er det undervisning med aktiv deltaking, kollokviegrupper, presentasjonar, ulike oppgåver og eigenstudium.  

Bachelorstudiet er eit fulltidsstudium, som betyr at du vil bruke omtrent like mykje tid på studia som på ein fulltidsjobb. Undervisninga er på norsk og engelsk, mens litteraturen i hovudsak er på engelsk. Vi held til på Høgteknologisenteret, og her har vi eigen lesesal for molekylærbiologi- og biologistudentar. Du kan òg bruke lesesalplassar og biblioteket på Realfagbygget

Mykje av undervisninga skjer der fagmiljøet held til, og du får dermed god kontakt med våre forskarar og master- og ph.d.-studentar. 

Studentane i molekylærbiologi driv studentorganisasjonen Helix, som organiserer både faglege og sosiale arrangement for studentar. 

Kva kan du jobbe som? 

Mange molekylærbiologar jobbar med forsking og undervisning, både som vitskapleg tilsette og som støttepersonell ved universitet og høgskolar, eller ved store sjukehus.   

Molekylærbiologar er òg viktige innan  

  • bioteknologi, der levande organismar blir brukt til å lage nyttige produkt som f. eks. antibiotika  
  • farmasøytisk industri, der molekylærbiologar produserer medikament eller utstyr for å diagnostisere eller behandle sjukdommar   
  • matforsking  
  • oljeindustri  
  • marin forsking  
  • kosmetisk industri   
  • privat sektor  
  • offentleg forvaltning  

Merk at det ofte er nødvendig å bygge på bachelorstudiet med ein mastergrad i molekylærbiologi eller biomedisin for å vere kvalifisert til å jobbe på eit laboratorium.  

Les meir om kva du kan jobbe med 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Generell studiekompetanse og REALFA: 

Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og i tillegg anten

  • Matematikk R2 eller 
  • Fysikk 1 og 2 eller 
  • Kjemi 1 og 2 eller 
  • Biologi 1 og 2 eller 
  • Informasjonsteknologi 1 og 2 eller 
  • Geofag 1 og 2 eller 
  • Teknologi og forskningslære 1 og 2 

Søknadsfristen er 15. april. Søk her

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i molekylærbiologi er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.   

Du finn meir informasjon om kvart emne (fag) ved å klikke på namnet på emnet. 

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester:   

  • Innføring i molekylærbiologi (MOL100, 10 studiepoeng) 
  • Brukarkurs i matematikk I (MAT101, 10 studiepoeng ) eller Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)  
  • Kjemi og energi (KJEM110, 10 studiepoeng)   

2. semester:   

  • Eksperimentell molekylærbiologi I (MOL102, 10 studiepoeng)  
  • Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)  
  • Organisk kjemi (KJEM130, 10 studiepoeng)  

3. semester:   

  • Genstruktur, – funksjon og applikasjonar (MOL103, 10 studiepoeng) 
  • Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering (MOL200, 10 studiepoeng)  
  • Valfritt emne innan matematikk eller statistikk (10 studiepoeng) 

4. semester:   

  • Molekylær cellebiologi (MOL201, 10 studiepoeng)  
  • Anvendt bioinformatikk (MOL204, 10 studiepoeng)  
  • Eksperimentell molekylærbiologi II (MOL222, 10 studiepoeng)  

5. semester:

  • Valemne (10 studiepoeng)  
  • Valemne (10 studiepoeng)  
  • Valemne (10 studiepoeng)  
  • Eller utveksling (30 studiepoeng)  

6. semester:   

  • Examen philosophicum – enten skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)  
  • Valemne (10 studiepoeng)  
  • Valemne (10 studiepoeng)   

Du kan velje valemne utifrå interesse. Mange studentar vel emne innan molekylærbiologi, biologi, kjemi og bioinformatikk. Men du kan òg velja emne frå andre fagområde og andre fakultet, utifrå eiga interesse. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi anbefaler at du reiser ut i femte og/eller sjette semester.   

Du kan reise til nesten heile verda gjennom dei mange utvekslingsavtalane til UiB (avtaledatabasen til UiB).  Det er mest vanleg å reise til blant anna Australia, USA med Hawaii, Storbritannia og andre europeiske land. 

Slik går du fram for å reise på utveksling.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Ein bachelorgrad i molekylærbiologi kvalifiserer til vidare masterstudium i molekylærbiologi og tilstøytande fagretningar.  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Sjå hele studieplanen for molekylærbiologi