Bacheloroppgåve i kulturvitskap
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KUVI250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Undervisning gis på skandinaviske språk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskapar om metode og om korleis eit forskingsarbeid kan gjennomførast.
- har kunnskapar om sentrale teoriar og forsking innan den sjølvvalde tematikken til bacheloroppgåva.
Ferdigheiter
Studenten
- kan utvikle, avgrense og formulere fruktbare kulturvitskaplege problemstillingar innan temaet.
- har ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og empiri som er relevant for problemstillinga.
- har ferdigheiter i metode, kan analysere forskingslitteratur/empiri, gjengi og vere i dialog med forskingslitteraturen og trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette, formidla i skriftleg arbeid.
Generell kompetanse:
Studenten
- har grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid.
- kan resonnere, syntetisere og dokumentere eit fagleg akademisk arbeid.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd/ grupperettleiing og individuell rettleiing. Arbeidet med emnet er konsentrert om utarbeiding av bacheloroppgåva.
Undervisninga vil fokusere på oppgåveskriving, metode og kulturvitskapleg analyse. Studentane får tildelt rettleiar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta 60 % på seminar, levere inn minst 2 tekstar, og kommentere minst to av tekstane til dei andre studentane som deltar på emnet.
Vidare er det obligatorisk å møte til to individuelle rettleiingar.
Lista over sjølvvald litteratur skal godkjennast av rettleiar.
Studenten må få godkjent dei obligatoriske aktivitetane for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) med justerande munnleg eksamen.
Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 6000 ord. Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på oppgåva med éin bokstavkarakter.
Bacheloroppgåva kan skrivast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.