Farmakologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MANT309
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Overordna mål:
Farmakologi er eit studium av interaksjonar mellom medikament og den levande organismen.
Kurset skal gi kunnskap i generell og spesiell farmakologi.
Innhald:
- generell farmakologi
- lokalanestetika
- analgetika
- antimikrobielle middel
- psykofarmaka
- anestetika/anxiolytika/sedativa
- legemiddel ved hjarte- og karsjukdomar
- legemiddel som verkar på blodet
- hormonpreparat
- biverknader frå medikament på muskel/skjelettt-systemet
- interaksjonar med bivirkninger i muskel/skjelettsystemet
- reseptlære
- RELIS
bruk av Felleskatalogen
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan gjere greie for generelle prinsipp for legemiddels verknad på kroppen (farmakodynamikk), samt dei viktigaste prinsippa for korleis legemiddel verker på målprotein i kroppen.
Studenten kan gjere greie for generelle prinsipp for legemiddels opptak, fordeling og omseting i kroppen, samt utskiljing frå kroppen (farmakokinetikk).
Studenten kan gjere greie for dei forskjellige legemiddelgruppene, samt gjere greie for dei viktigaste legemidla til behandling av muskel/skjelett-systemet.
Studenten kan gjere greie for dei vanlegaste biverknadane av legemiddel på muskel/skjelett-systemet.
Studenten kan gjere greie for hovudprinsippa for farmakologisk terapi av muskel/skjelett plager.
Ferdigheiter
Studenten kan vurdere korleis dei vanlegaste biverknadane av eit legemiddel verkar inn på behandlingsforløpet
Studenten kan veilede pasientar med tanke på farmakologisk terapi av muskel-/skjelettplager.
Generell kompetanse
Studenten kan kommunisera med pasientar og helsepersonell om legemiddelbruk, samt verknadar og biverknadar av legemiddel.
Studenten kan vurdere legemiddelinformasjon og faglitteratur kritisk.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar 20 timar (a 45 minutt)
Undervisninga omfattar ei fagspesifikk førelesningsrekkje i farmakologi, samt førelesingar integrert i anna undervisning som kollokvier og gruppearbeid