Hjem
Forskargruppe for europarett
Nyhet

Ronny Gjendemsjø har blitt professor

Ronny Gjendemsjø har blitt utnevnt som professor i rettsvitskap

Ronny Gjendemsjø
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Gjendemsjø vart cand.jur ved UiB i 2003, og jobba etter dette som universitetslektor og stipendiat ved det juridiske fakultet. Doktorgradsavhandlinga hans frå 2011 ber tittelen «Oligopolproblemet – Om anvendelsen av TFEU artikkel 101 og 102 på koordinerte priser i et oligopol». Gjendemsjø har etter dette vore tilsett som førsteamanuensis ved fakultetet. Han har skrive ei rekkje artiklar og bokkapittel – i hovudsak på konkurranserettsområdet. 

Forskargruppa for europarett gratulerer så mykje med professoratet!