Hjem
Energilaboratoriet
BEL Lunch

SE: Korleis kan fleksibilitet handtere utfordringar i distribusjonsnettet.

Forskingsleiar i Glitre Nett, Per-Oddvar Osland, vil i denne presentasjonen diskutere korleis fleksibilitet kan vere eit tiltak for å handtere utfordringar i straumnettet som t.d. effekttoppar.

BEL Lunch 10 17 2023 Korleis kan fleksibilitet handtere utfordringar i distribusjonsnettet

Produsent:
UiB

Hovedinnhold

Per-Oddvar Osland jobbar som forskningsleiar i Glitre Nett. Han har tidlegare hatt ansvar for utrulling av AMS i Agder Energi Nett, og har vore leiar for avdeling Analyse i selskapet. Utdanning: Siv.ing, industriell matematikk (NTH, 1994). Dr.ing, telematikk (NTNU, 2000).

Samandrag

Elektrifisering av samfunnet medfører auke i energiforbruk og effektuttak. For distribusjonsnettet er effekttoppar den største utfordringa, dette medfører redusert spenningskvalitet, flaskehalsar i nettet og svekka evne til å handtere feilsituasjonar. Historisk sett har dette blitt løyst ved å bygge meir nett, men dette er ikkje samfunnsøkonomisk berekraftig. Her kan fleksibilitet bli eit viktig verktøy i framtida. Fleksibilitet er kundane sin evne og vilje til å tilpasse forbruket/produksjon for å ta hensyn til krevande situasjonar i nettdrifta. Hypotesa er at fleksibilitet bidrar til å kutte effekttoppar, som gjer at ein kan unngå eller utsette nettinvesteringar. Glitre Nett har i fleire år jobba med analyser og pilotering for å undersøke korleis fleksibilitet kan bidra til å handtere utfordringar i distribusjoinsnettet. I denne presentasjonen ser vi på resultat av dette arbeidet.