Hjem
Institutt for politikk og forvaltning
Ny ansatt!

Velkommen til vår første førsteamanuensis i innstegsstilling ved Institutt for Politikk og forvaltning!

Instituttets første førsteamanuensis i innstegsstilling – Esther Song – starta i januar i år. Ho skal forske på og undervise om Kinas rolle som global aktør og kinesisk politikk.

Portrett av Esther Song.
Foto/ill.:
Jenny Guo Strømsnes

Hovedinnhold

Song forskar på kinesisk politikk og Kina som global aktør i det 21.århundre. Gjennom eit outsourcing- perspektiv studerar ho sivilsamfunnet og korleis frivillige organisasjonar inngår kontraktar med regjeringa. Både organisatoriske og administrative perspektiv på staten og statens rolle er relevante her. Song deltek i forskingsgruppa Governing Global Challenges.

I tillegg til å forske på temaet sivilsamfunn, jobbar ho også med utanrikspolitikk i Øst-Asia. Hennar forskingsinteresser gjeld òg spenningar mellom USA og Kina, og korleis denne relasjonen påverkar politikken i Asia og Stillehavsregionen. Hennar metodiske interesser omfattar survey-analyse og avansert databasert tekstanalyse.

Frå våren av skal Song undervise i emnet GOV360-4: China in Global Politics. Emnet tilbys til studentane ved instituttets to ordinære masterprogram: "Master in Politics and Governance of Global Challenges", og "Master i politikk og forvaltning". Valgfaget GOV360-4: China in Global Politics fokuserer på Kina som global aktør og kinesisk politikk og regjering i det 21. århundre. Song gleder seg til å sette i gang og bidra til å utvikle kurset, og til å engasjere seg fullt ut i undervisninga ved instituttet. 

Vi ønsker Esther hjarteleg velkommen til instituttet vårt!