Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet

Feira Verdas diabetesdag med ope hus

14. november 1891 kom Frederick Grant Banting til verda i småbyen Alliston i Canada. Tysdag vart Bantings fødselsdag feira med ope hus på Mohn Senter for Diabetes Presisjonsmedisin (PRESIS-DIA).

Åpent hus Verdens diabetesdag
Foto/ill.:
Paul André Sommerfeldt

Hovedinnhold

Før oppdaginga av insulin, var diabetes type 1 ein dødsdom. Men for snart 100 år sidan kom redninga i form av framstilt insulin som kunne injiserast i menneskekroppen. Banting var ein av nøkkelpersonane i forskinga, derfor markerer vi fødselsdagen hans som Verdas diabetesdag. Sjølve markeringa av dagen vart skapt i 1991 av International Diabetes Federation, IDF, og Verdas helseorganisasjon, WHO. Dei såg med bekymring på trenden som framleis utviklar seg – at stadig fleire får diabetes, hovudsakleg på grunn av auken av type 2.

Økt merksemd 

Dagen vart ein offisiell FN-dag i 2006, og skal gi global merksemd til diabetes, spesielt til bevisstgjering rundt sjukdommen og førebygging av diabetes type 2. Merksemd og bevisstgjering var også blant måla med å invitere til Ope hus tysdag.

– Det var eit fint arrangement med omvising i laboratoriet, populærvitskaplege foredrag, foredrag v/Diabetesforbundet og ikkje minst gode samtalar mellom pasientar som valte å besøke oss i dag og forskarar og legar i senteret, fortel Gunnar Mellgren, direktør ved Laboratorieklinikken og nestleiar ved PRESIS-DIA.

– Det er mange pasienter med diabetes i verda, om lag 500 millionar. Samtidig er diabetes ei heterogen sjukdomsgruppe kor det er viktig med individuell oppfølging og meir presis diagnostikk for å kunne skreddarsy den riktige behandlinga, påpeikar Mellgren.

– Teknologi har betra behandlinga av diabetes vesentleg dei siste åra, men det manglar fortsatt mykje kunnskap om årsakene og genetikken til både type 1 og type 2 diabetes. Meir presis diagnostikk og behandling vil gjere det mogleg å forhindre seinkomplikasjonar forårsaka av diabetes.

Finn nye årsakar 

Viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster framheva det sterke diabetesforskingsmiljøet på sjukehuset, og det viktige arbeidet ved PRESIS-DIA, i sin opningstale under arrangementet.

– Mohn Senter for Diabetes Presisjonsmedisin jobbar for betre diagnostisering og behandling av personar med diabetes. Her innlemmar forskarar helsedata frå nyetablerte register som Norsk Diabetes Biobank og Norsk Diabetesregister for vaksne. Desse dataene vil deretter bli kopla opp mot for eks. Dødsårsaksregisteret og Pasientregisteret. På denne måten jobbar ein for å kunne identifisere nye årsaker og mekanismar og legge grunnlaget for endå betre behandling for diabetespasientane, skrytte Møgster.