Hjem
Middelalderklyngen
strategi 2019–2024

Strategi for Mellomalderklynga 2019–2024

VISJON: Bergen og vestlandsregionen skal spele ei leiande rolle både nasjonalt og internasjonalt innanfor mellomalderfeltet.

Hovedinnhold

Mellomalderen er ein sentral tidsperiode som har hatt mykje å seie for historisk utvikling og identitet nasjonalt og internasjonalt. Kunnskap om mellomalderperioden (i vidare forstand rekna frå ca. 500 til 1500) er difor særs viktig, og avgjerande for å forstå bakgrunnen for det moderne samfunnet. Bergen og vestlandsregionen har fleire sterke miljø som tek vare på den felles kulturarven frå mellomalderen.

Forsking på mellomalderen har lenge stått sterkt i byen og held høg internasjonal kvalitet. Universitetet i Bergen tok i strategien for 2016-2022 initiativ til å opprette ei mellomalderklynge som ei av sju kunnskapsklynger, og den einaste innanfor humanistiske fag. Mellomalderklynga skal vere eit samlande organ for fagmiljø i Bergen og vestlandsregionen. Klynga skal støtte opp om samfunnsoppdraga til samarbeidspartnarane: forsking, utdanning, formidling og forvalting, med fokus på nyskaping og innovasjon.

Målsetjingar for klynga

  • Styrke nettverksbygging og etablere møteflater for samarbeidspartnarane og andre relevante aktørar – både nasjonalt og internasjonalt
  • Sikre, styrke og auke internasjonalt leiande tverrfaglege forskingsmiljø i Bergen og vestlandsregionen
  • Gjere kunnskap og ny forsking om mellomalderen kjent i samfunnet gjennom god formidling og innovative løysingar
  • Bidra til oppdatert, pedagogisk og forskingsbasert undervising på alle nivå i utdanninga, frå grunnskule til høgskule- og universitetssektoren, inkludert etter- og vidareutdanning
  • Skape ein breiare base for kunnskapsbasert forvalting og arbeide for ein balanse mellom tilgjengeleggjering og berekraftig bruk av kulturminner  
  • Syne at kulturminna frå mellomalderen er ein betydeleg ressurs for både lokalsamfunn og turistnæring, og arbeide for ei brei kontaktflate mellom fagmiljø og næringsliv, først og fremst reiselivsindustrien
  • Fremme Bergens identitet som mellomalderby og understreke Vestlandets sentrale rolle i mellomalderen for å auke engasjementet blant innbyggarane og politikarar.