Hjem
Sosiologisk institutt
Lektor

Fra livsløpsanalyse av tre kohorter sjøoffiserer til lektorstilling

Et ønske om å bli lektor i samfunnsfag kombinert med interessen for samfunn og mennesker ledet Malene Bergtun Teigland til å studere sosiologi

Hovedinnhold

Mangfaldet på ein skule er svært stort, både når det kjem til elevar og kollegiet. Det sosiologien har gitt meg er eit tolmod i møte med menneske som eg ikkje hadde før.

Hvorfor valgte du å studere sosiologi ved UiB?

Valet om å studere sosiologi ved UiB blei gjort med utgangspunkt i interesse for samfunnet og menneske, i tillegg til at eg hadde eit ynskje om å bli lektor i samfunnsfag.

Hva skrev du masteroppgave om?

Masteroppgåva mi, som eg leverte i 2021, var ein livsløpsanalyse av tre kohortar sjøoffiserar der eg i hovudsak undersøkte sosiale relasjonar om bord, og samlivsrelasjonar heime. Noko av det kjekkaste eg fekk gjort i løpet av sosiologistudiet var å få moglegheit til å gjennomføre biografiske intervjue av tidlegare og noverande kapteinar og styrmenn.

Hva jobber du med?

I dag arbeider eg som lektor ved ein vidaregåande skule, der eg har undervisning for både studiespesialiserande og yrkesfaglege klassar. I dag har eg hovudsakleg undervisning i norsk, men har og undervisningskometanse i samfunnsfag og historie.

Var temaet på masteroppgaven du skrev relevant for din nåværende jobb (eller jobben du fikk rett etter studiet?

Tema for masteroppgåva valte eg ut i frå kva eg sjølv fann spanande, og ikkje minst overkomeleg mtp. å kome i kontakt med informantar. For meg blei interesse for det eg skulle skrive om satt høgst når eg vurderte kva temaet skulle bli – ein skal jo tross alt arbeide med oppgåva i eit heilt år. 

Hadde du arbeid/frivillig arbeid/verv som var relevante i løpet av studietiden?

Då eg gjekk bachelor hadde eg over fleire semester ulike verv i fagutvalet for sosiologi, og blei seinare medlem i masterutvalet. Noko av det kjekkaste med fagutvalet var å kome i kontakt med studentar på tvers av kulla, og ikkje minst å kunne vere med på å arrangere faglege og sosiale arrangement for sosiologistudentane, som til dømes fagkritiske dagar og studietur.

Hva er det beste med jobben din, og hva er mest utfordrende?

Noko av det kjekkaste med jobben som lærar er dei relasjonane ein skaper med dei forskjellige elevane og klassane, og det sosiale og faglege fellesskapet ein får med kollegiet. Det som er mest utfordrande er å få rette det ein skal til høveleg tid når ein har eit aldri så lite prokrastineringsproblem.

Hvordan kommer din utdanning i sosiologi til nytte i din nåværende jobb?

Reint konkret og fagleg har sosiologien gitt meg kunnskap om samfunnet i mennesket og mennesket i samfunnet, som er relevant å trekke inn i undervisninga.

Som lærar spelar og sosiologibakgrunnen inn på andre måtar. Mangfaldet på ein skule er svært stort, både når det kjem til elevar og kollegiet. Det sosiologien har gitt meg er eit tolmod i møte med menneske som eg ikkje hadde før.

Hvordan opplevde du overgangen fra studiene til arbeidslivet?

Overgangen frå studiet til arbeidslivet gjekk ganske fint. Det var deilig å endeleg tene litt «vaksenpengar», og eg var spesielt heldig (iallfall i mine auger) med den fyrste jobben etter at eg var ferdig med det siste året på studiet. I tillegg hadde eg tidlegare gode erfaringar frå deltidsjobb som seminarleiar for sosiologisk institutt, noko som var med å gjere at overgangen til fulltidsundervisning enklare.

Har du noen tips til studenter som tenker på jobbmuligheter etter studiene?

For min del var seminarleiarjobben noko av det luraste eg gjorde i tida mi som sosiologistudent mtp. jobb etter studiane. I tillegg til å sjå flott ut på CV-en (og var faktisk avgjerande for at eg fekk den jobben eg har i dag), gav seminarleiarrolla ein fagleg sjølvtillit som eg ikkje ville vore forutan i arbeidslivet.