Bachelorprogram i informatikk: data science (datavitskap) (Utgått)
- Lengde3 År
- OpptakskravREALR2
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Programmet et utgått
Studentar vert ikkje tekne opp til dette studierprogrammet. Siste opptak til dette programmet var hausten 2022. Dette studiet er no erstatta av eit nytt sivilingeniørprogram i data sciene (5-årig master). Les meir om det nye studiet her.
Introduksjon
Informatikk (computer science), er vitskapen som ligg bak all programvare, frå enkle dataprogram, mobilappar og spel, til store IT-system, databasar og nettportalar. I dag er vi heilt avhengige av at informasjonsteknologien fungerer, og ved å studere informatikk lærer du kvifor og korleis.
Du lærer å formulere problemstillingar på ein presis måte og å finne fram til kjernen av problemet uansett om det dreier seg om klimamodellering, aksjehandel, medisinsk bildehandsaming, eller eit nytt strategispel.
Data science er ei samling av metodar med føremål å trekkje ut kunnskap frå ulike typar data. I løpet av studiet vil du få ei oversikt over alle trinna i data science-prosessen, inkludert datainnsamling, dataførebuing, datahandsaming, dataanalyse med statistikk, maskinlærings- og visualiseringsmetodar, å implementere data science-løysingar og studere etiske og samfunnsproblem relatert til data science. Eit stort fokus er ei forståing for det teoretiske grunnlaget til maskinlæring og eit sett av konkrete algoritmar, programmering og bruk på reelle datasett.
Sjølv om teknologien endrar seg, vil kompetansen og forståinga for teknologi som du får i løpet av studiet vere tidlaus.
Meir informasjon under
Informatikk åpner en ny verden
Jobb
Som utdanna informatikar er du kvalifisert for spanande og varierte jobbar.
Du kan jobbe i
- IT-bransjen
- finans- og bankvesen
- oljeindustrien
- forsikring
- konsulentverksemder
Her jobbar våre tidlegare studentar no.
Etter bachelorprogrammet kan du gå vidare til masterprogram i informatikk eller masterprogram i programutvikling ved Institutt for informatikk.
Les meir om kva du kan jobbe med
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i informatikk: data science er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.
Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester, høst
- MAT111 Grunnkurs i matematikk eller MAT105 Matematikk for naturvitskap (10 studiepoeng) NB: MAT105 har begrenset med plasser.
- INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
- INF140 Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng)
2.semester, vår
- MAT121 Lineær algebra (10 studiepoeng)
- MNF130 Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
- INF101 Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
3.semester, høst
- INF161 Innføring i data science (10 studiepoeng)
- STAT110 Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
- INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
4.semester, vår
- INF115 Databasar og modellering (10 studiepoeng)
- INF112 Systemkonstruksjon (10 studiepoeng)
- INF250 Dataorientert visuell berekning (10 studiepoeng)
5.semester, høst
- INF264 Innføring i maskinlæring (10 studiepoeng)
- INF219 Informatikkprosjekt I (10 studiepoeng)
- Ex.phil Examen philosophicum (10 studiepoeng)
6.semester, vår
- Valemne (30 studiepoeng)
Studiekvardagen
Bachelorstudiet i informatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
Du kjem til å ha teoretiske emne som bygger forståing av problemstillingar og løysingar, og i tillegg praktiske emne med øvingar på datalab. Her vil studentar som har komme lenger i utdanningsløpet rettleie og hjelpe deg til å bli ein god programmerar og problemløysar.
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha seks forelesningar og tre seminargrupper. Du vil òg bruke tid på lesesalen med sjølvstudium av pensumlitteraturen.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieløpstabellen.
Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har eit eige fagutval som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar.
Korleis er det å studere informatikk? Sjå intervju og videoar
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi!
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer du?
Ein ferdig utdanna student på dette programmet:
- har brei kunnskap om både informatikk og matematiske metodar som nyttast for å utvikle avanserte datasystem.
- kan analysere, fornye og vidareutvikle eksisterande programvare.
- har god kjennskap til og erfaring med verktøy og teknikkar som nyttast i moderne systemutvikling.
Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Spania, Hong Kong, USA eller Tyskland, eller ein annan plass.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
Dette programmet er utgått. Siste opptak til dette programmet via Samordna opptak var høsten 2022.