Fysikk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar
52
- OpptakskravREALR2
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
På bachelorstudiet får du brei kompetanse innan fysikk og teknologi som gjer deg godt rusta til eit arbeidsliv i stadig endring. I studiet får du teoretisk, teknologisk og analytisk kompetanse som samfunnet treng innanfor for eksempel medisin, forsking og teknologisk innovasjon. Kompetansen er òg nyttig i strategi, forvaltning, IT, økonomi og mediebransjen.
Som fysikkstudent får du stor forståing for fysiske prosessar i naturen. Studiet er ein kombinasjon av teori, eksperiment og modellar som er relevante for forsking og industri. På toppen av dette får du ei djup forståing av korleis dei fundamentale prosessane og byggesteinane i naturen verkar. Du lærer om atomkjernar og elementærpartiklar, og om sola og verdsrommet og alt som er i mellom dette.
Bachelorstudiet vert avslutta med ei større prosjektoppgåve. Her kan du velje å arbeide med eit prosjekt innan den retninga som du synest er spennande. Du vil bli trena på å kunne samle inn og analysere data, og presentere resultata i ein vitskapleg poster på eit stort studentseminar.
Ein ferdig utdanna fysikar kan løyse komplekse problem, har gode matematiske kunnskapar, kan programmere og bruke moderne teknologi. Dette er eigenskapar som gjer deg til ein attraktiv arbeidstakar i mange sektorar.
Studiekvardag
Bachelorstudiet i fysikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
Ei studieveke består normalt av 40 arbeidstimar der ei typisk veke vil innehalde
- forelesingar
- seminargrupper
- laboratorium og praktiske øvingar
- sjølvstudium
Alle fag har oftast minst ein obligatorisk aktivitet, men undervisninga er sjeldan obligatorisk. Av 180 studiepoeng er 50 studiepoeng valfrie, altså kan du sjølv velje dei faga som du interesserer deg for. Undervisninga og litteraturen er på norsk.
Som fysikkstudent høyrer du til Institutt for fysikk og teknologi. Vi held til på fysikkbygget der det er eigen bachelorlesesal og eit eige bachelorrom til studiar og sosiale aktivitetar. Elles finn du og lesesalar og bibliotek i Realfagbygget som er rett ved sida av.
På instituttet har vi eit levande og godt studentmiljø, med ei aktiv studentforeining. Det er ofte arrangement; alltid festlege og fleire gonger også faglege. Les mer om tilbudene for deg som student på IFT.
Kva kan du jobbe som?
Med ei fysikkutdanning er du allsidig og kan få arbeid innanfor fleire sektorar. Tidlegare studentar frå oss finn du hos European Space Agency, CERN, Apple, Haukeland Sjukehus, Equinor, Texas Instruments, Høgskulen på Vestlandet med meir. Lista med arbeidsgjevarar er lang og variert!
UiB og Institutt for fysikk og teknologi byr og på masterstudium i relevante spesialiseringar til ein som har bachelor i fysikk. Dermed er du med ei fysikkutdanning veleigna til fleire roller i samfunnet i dag. Til dømes kan du jobbe som ingeniør, fysikar, forsker eller konsulent innanfor IT og teknologi, undervisning og forsking, medisinsk behandling og diagnose, energisektoren eller grøne bedrifter.
Les om hva noen av våre tidligere studenter jobber som.
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALR2: Matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 og i tillegg enten:
- Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1 + 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskingslære 1 + 2
Søknadsfristen er 15. april. Søk her
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i fysikk er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene. Alle faga er 10 studiepoeng.
1. semester
- Innføring i astrofysikk (PHYS109, 10 studiepoeng)
- Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)
- Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)
2. semester
- Mekanikk (PHYS111, 10 studiepoeng)
- Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)
- Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)
3. semester
- Elektromagnetisme I (PHYS112, 10 studiepoeng)
- Mekanikk 2 og termodynamikk (PHYS113, 10 studiepoeng)
- Funksjonar av fleire variablar (MAT212, 10 studiepoeng)
4. semester
- Grunnleggande målevitskap og eksperimentalfysikk (PHYS114, 10 studiepoeng)
- Moderne fysikk (PHYS118, 10 studiepoeng)
- Differensiallikningar (MAT131, 10 studiepoeng)
5. semester
- Valfritt emne (10 studiepoeng)
- Signal- og systemanalyse eller Moderne fysikk II (PHYS116, 10 studiepoeng)
- Eksamen philosophicum (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng)
6. semester
- Bacheloroppgåve i Fysikk (10 studiepoeng)
- Valfrie emne (20 studiepoeng)
Utveksling
Du kan reise på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Canada, USA, Australia, England, Kina, Tyskland eller dei nordiske landa.
I tillegg er det mogleg å søke på Teknisk Student Programmet på CERN. Då kan du vere eit heilt år på verdas største fysikklaboratorium rett utanfor Genève.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Med ein bachelor i fysikk kan du søke på masterstudium i fysikk ved UiB innan fagområda
- akustikk
- eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk
- medisinsk fysikk
- mikroelektronikk
- måleteknologi og nanofysikk
- optikk
- romfysikk
- teoretisk atom-, kjerne- og partikkelfysikk
Du kan òg søke opptak til masterstudium i fysikk ved andre universitet i Noreg og i utlandet.
Har du lyst til å bli lærar kan du ta praktisk-pedagogisk utdanning innan fysikk og matematikk. Med denne utdanninga er du kvalifisert til å undervise i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen.
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.