Hjem

Statistikk og data science, bachelor, 3 år

I det moderne samfunnet blir det lagra og generert data heile tida. Datainnsamling skjer ofte i form av tal og gjer at behovet for folk som kan gi meining til og forstå tal, aukar. På studiet statistikk og data science lærer du om prinsippa og metodane for å samle inn og analysere data.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar10
  • OpptakskravREALR2
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Innanfor statistikkfaget diskuterer vi spørsmål som:  

  • Stig den globale temperaturen?   
  • Kva er effekten av ein ny vaksine?  
  • Aukar kraftlinjer sjansen for kreft?   
  • Kva er inflasjonsraten?  

I løpet av bachelorprogrammet kjem du til å lære om statistikk, programmering og matematikk. Du kjem til å bruke mykje tid på å utvikle kunnskap innanfor sannsynsrekning, statistiske analysemetodar og generell matematikk. I tillegg kan du velje fag frå andre fagfelt, som informatikk, økonomi, fysikk eller biologi.  

Som statistikar kjem du ofte til å arbeide saman med kollegaer frå fagfelt som medisin, biologi og økonomi for å finne svar på ulike problemstillingar, som for eksempel utvikling av nye og betre medisinar. Matematikken og metodane du lærer på dette studiet, kjem difor til å vere praktisk retta. 

Studiekvardag 

Faggruppa i statistikk ved matematisk institutt er eit av dei største fagmiljøa i Noreg på dette feltet. Vi samarbeider med andre miljø i utlandet, og som student blir du oppmoda til å reise på utveksling.   

Dette er eit program med mykje valfridom. Du står fritt til å velje valemne, tema for bacheloroppgåva og utveksling, slik at du kan tilpasse studiet dine yrkesplanar og interesser.   

Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Ei typisk veke kan ha 18-24 timar med undervisning i form av forelesingar, seminar- og reknegrupper. I tillegg må du rekne med sjølvstudium som lesing, kollokviegrupper og “orakel” - grupper, det vil si med ein eldre student til stades som hjelper deg.   

Kva kan du jobbe som? 

I dag er det mangel på statistikarar, og det vil vere stor etterspørsel etter dei som kan matematikk og statistikk i tida framover. Med denne utdanninga har du evne til å tenke strukturert og analytisk, tileigne deg ny kunnskap og sette deg inn i komplekse problemstillingar.  

Du kan for eksempel arbeide innan:   

  • industri  
  • olje- og gass  
  • finans  
  • medisin  
  • forsikring  
  • offentleg forvaltning  
  • forsking  

Våre studentar har fått jobb ved Havforskingsinstituttet, Helse Vest, Haukeland Sjukehus, Det Norske Veritas, Scandpower, Safetec, Folkehelseinstituttet, Gearbulk, Storm m. m.  

Opptakskrav og søknadsfrist 

Generell studiekompetanse og REALR2:

Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) + R2 og i tillegg anten

  • Fysikk 1 + 2 eller
  • Kjemi 1 + 2 eller
  • Biologi 1 + 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
  • Geofag 1 + 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 + 2

Søknadsfristen er 15. april. Søk her

Studiets oppbygging 

Slik kan studiet sjå ut, emnekode i parentes:   

1. semester, haust:    

  • Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)  
  • Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)  
  • Grunnkurs i statistikk (STAT110, 10 studiepoeng) 

2. semester, vår:    

  • Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)  
  • Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)  
  • Statistiske metodar (STAT111, 10 studiepoeng)  

3. semester, haust:   

  • Innføring i data science (INF161, 10 studiepoeng)  
  • to valfrie emne (20 studiepoeng) 

4. semester, vår:   

  • Differensiallikningar (MAT131, 10 studiepoeng)  
  • Seminarmodell eller eksamensmodell (EXPHIL-MNSEM eller EXPHIL-MNEKS, 10 studiepoeng) 
  • Anvendt statistikk * (STAT200, 10 studiepoeng)  

5. semester, haust:  

  • Stokastiske prosessar * (STAT220, 10 studiepoeng) 
  • To valfrie emne (20 studiepoeng) 

6. semester, vår:  

  • Prosjektarbeid i statistikk (STAT292, 10 studiepoeng)  
  • Statistisk inferensteori * (STAT210, 10 studiepoeng) 
  • eit valfritt emne (10 studiepoeng) 

* To av STAT200, STAT210 og STAT220 er obligatorisk

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Femte og/eller sjette semester er best eigna for utanlandsopphald. Vi har utvekslingsavtalar med universitet i USA, Tyskland, Italia, Spania, Frankrike, England, Nederland, Austerrike og Danmark.   

Vidare studiemoglegheiter 

Etter ein bachelorgrad i statistikk og data science vil du vere kvalifisert til ei rekke masterprogram, avhengig av valemne. Ei naturleg fortsetting er masterprogrammet i Statistikk og data science.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen