Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-BIOHAV Havbruksbiologi, vår 2024

Namn på grad

Master i biologi - Havbruksbiologi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i biologi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) & Vår (suppleringsopptak, dersom ikkje alle plassar er fylte)

Mål og innhald

Havbruksbiologi er ei spesialisering i masterprogrammet i biologi.

Spesialiseringa Havbruksbiologi har som mål å gje ein teoretisk basis og praktisk erfaring for å forstå dei biologiske prinsippa i akvatisk matproduksjon. Havbruksbiologi er ein mangfoldig disiplin, og famnar om tema som molekylærbiologi, kjemi, ernæring, og biologi, fysiologi og åtferd hos fisk.

Det praktiske arbeidet i havbruksbiologi føregår i laboratoriet, klekkeriet, eller på oppdrettsanlegget. Emna i denne spesialiseringa gjev innsikt i rolla til akvakultur i global matproduksjon, og kunnskap og ferdigheiter nødvendig for vidare utvikling. Studenten sitt forskingsprosjekt kan gjennomførast i ein kommersiell setting eller ved en forskingsinstitusjon. Problemstillinga kan fokusere på grunnleggjande biologiske prosessar, eller vere utforma for å teste og raffinere produksjonsteknikkar eller instrumentering.

Spesialiseringa skal gje ein solid bakgrunn for studentar som ønskjer å jobbe innan havbruk og relaterte næringer, eller innan forsking.

Læringsutbyte

Etter fullført studium skal studenten vere i stand til:

Kunnskapar

  • Forstå havbruksbiologien si rolle i global handel, helse og mattryggleik
  • Forstå biologien til aktuelle oppdrettsartar, og forklare dei ulike livshistoriestrategiane og deira krav i akvakultur
  • Forstå det biologiske grunnlaget (molekylært, endokrinologisk, cellulært, ernæringsmessing) for kontroll av vekst og utvikling hos oppdrettsartar
  • Kunne diskutere balansen mellom krav til miljøkvalitet, etikk, lovregulering, og behov for kommersiell produksjon i akvakultur.

Ferdigheiter

  • Kjenne til relevante spørsmål i havbruksbiologi
  • Analysere vekstmønsker og forklare dei viktigaste aspekta ved utvikling i marine artar.
  • Benytte vanlege havbruksbiologiske forskingsmetodar for å undersøke vekst, reproduksjon og utvikling
  • Bestemme årskaene til variasjonar i utvikling og vekstrate
  • Utføre ei sjølvstendig forskingsoppgåve, i samsvar med korrekt forskings- og HMS-praksis, inkludert analyse av biologisk materiale, datainnsamling, dataanalyse og tolking av resultat
  • Vise kyndigheit innan dei viktigaste analytiske metodane nytta i studenten si eiga forskingsoppgåve, og vere i stand til å forklare, diskutere og tolke andre metodar som kan vere inkludert i forskingsoppgåva.
  • Hente inn, analysere og anvende ny kunnskap innenfor fagområdet

Generelle ferdigheiter

  • Kunne arbeide i tråd med vitenskaplige prinsipper og ha forståelse for åpenhet, presisjon, etterrettlighet og betydningen av å skille mellom kunnskap og meninger
  • Diskutere biologiske teoriar i forhold til biologien til akvatiske organismar under kultivering.
  • Presentere ein vitenskaplig konklusjon basert på analyse av eigne data, og sette denne i samanheng med eksisterende forskningsresultat.
  • Demonstrere kunnskap og oversikt over litteratur- og referansedatabasar relevante for eige arbeid
  • Arbeide sjølvstendig og som del av eit team med omfattande og kravande oppgåver, og kunne overhalde tidsfrister.
  • Lage ein formell munnleg og skriftleg presentasjon av eigne forskingsresultat.
  • Kunne diskutere faget i samfunnsdebatten

Opptakskrav

Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkar må ha:

  • bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde
  • minst 60 studiepoeng i biologi
  • minst 7,5 studiepoeng i kjemi m/laboratoriearbeid
  • minst 7,5 studiepoeng i statistikk
  • minst 7,5 studiepoeng i matematikk (dersom søkjar ikkje har Matematikk R2 frå vidaregåande skule)

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i biologi
  • Bachelorgrad i berekraftig havbruk
  • Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.

Du må også ha:

  • Karakterpoenget (karaktersnitt) må vere på minimum C i emna di opptakskravet for å formelt kunne kvalifisere til opptak.

OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med

Tilrådde forkunnskapar

Gode forkunnskapar i biologi og fiskebiologi med emne som: BIO280 Fiskebiologi I, BIO291 Fiskebiologi II, BIO203 Innføring i havbruk, eller tilsvarande.

Obligatoriske emne

STUDIESTART: HAUST

1. semester (haust):

  • BIO203 Innføring i havbruk* (10 sp)
  • BIO300A Akademisk skriving (5 sp
  • BIO300B Biostatistikk (5 sp)
  • BIO382 Akvatisk matproduksjon (10 sp)

2. semester (vår):

  • LAS301 Kurs i forsøksdyrlære (6 sp)
  • LAS303 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk (4 sp)
  • Valemne (20 sp)

3. semester (haust):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

4. semester (vår):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

*Obligatorisk med mindre emnet (eller tilsvarande) er tatt tidlegare. Dersom det er tatt tidlegare, bytt ut med valemne.

STUDIESTART: VÅR

1. semester (vår):

  • LAS301 Kurs i forsøksdyrlære (6 sp)
  • LAS303 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk (4 sp)
  • Valemne (20 sp)

2. semester (haust):

  • BIO203 Innføring i havbruk* (10 sp)
  • BIO300A Akademisk skriving (5 sp
  • BIO300B Biostatistikk (5 sp)
  • BIO382 Akvatisk matproduksjon (10 sp)

3. semester (vår):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

4. semester (haust):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

*Obligatorisk med mindre emnet (eller tilsvarande) er tatt tidlegare. Dersom det er tatt tidlegare, bytt ut med valemne.

Tilrådde valemne

Studentar som interesserte i produksjonssystem innan akvakultur er anbefalt å velje blant desse valemna:

  • BIO205 Praksisperiode, lovverk og forvaltning i akvakultur (10 sp, vår)
  • BIO206 Fiskeernæring (10 sp, haust)
  • BIO207 Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat (10 sp, vår)
  • BIO208 Miljøpåverknad av oppdrett (10 sp, vår)
  • BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar (10 sp, haust)
  • BIO275 Fiskehistopatologi (10 sp, haust)
  • BIO280 Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi (10 sp, haust)
  • BIO291 Fiskebiologi II - Fysiologi (10 sp, haust)
  • BIO299 Forskingspraksis i biologi (10 sp, haust/vår)
  • BIO302 Biostatistikk II (5 sp, vår)
  • BIO307 Næringsmiddeltoksikologi (10 sp, vår)
  • BIO307A Næringsmiddeltoksikologi (5 sp, vår) kortversjon av BIO307
  • BIO324 Fiskeåtferd (5 sp, vår)
  • BIO335 Populasjongenetiske metodar (5 sp, vår)
  • SDG214 FNs Bærekraftsmål 14: Liv under vatn (10 sp, vår)

Studentar som interesserte i grunnleggjande biologiske prosessar i artar innan akvakultur er anbefalt å velje blant desse valemna:

  • BIO206 Fiskeernæring (10 sp, haust)
  • BIO208 Miljøpåverknad av oppdrett (10 sp, vår)
  • BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar (10 sp, haust)
  • BIO275 Fiskehistopatologi (10 sp, haust)
  • BIO280 Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi (10 sp, haust)
  • BIO291 Fiskebiologi II - Fysiologi (10 sp, haust)
  • BIO299 Forskingspraksis i biologi (10 sp, haust/vår)
  • BIO302 BIO302 Biostatistikk II (5 sp, vår)
  • BIO324 Fiskeåtferd (5 sp, vår)
  • BIO335 Populasjongenetiske metodar (5 sp, vår)
  • BIO370 Celle- og utviklingsbiologi (10 sp, vår)
  • SDG214 FNs Bærekraftsmål 14: Liv under vatn (10 sp, vår)

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan. Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga

Vurderingsformer

Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent. Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen, individ- og gruppepresentasjoner, og diverse former for semesterarbeid. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga ved UiB må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Havbruksnæringen, matproduksjon, offentlige kontrollorganer, forskning innen havbruk og ernæring, undervisning, kystforvaltning.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for biovitenskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studie@bio.uib.no

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for biovitenskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost: studie@bio.uib.no

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie@bio.uib.no, Tlf 55 58 44 00