Geovitskap, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar52
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Forskarar innan geovitskap prøver å finne ny kunnskap om tema som:
- forholdet mellom jorda sitt indre og jordoverflata, no og tidlegare
- åtferda til isbrear
- klimaendringane på jorda
- ansvarleg forbruk av naturressursar frå jorda og frå havet
- korleis bygge menneskeleg infrastruktur på ein planet som er i endring
På masterprogrammet i geovitskap nyttar vi det eineståande landskapet og kystmiljøet i Vest-Noreg til ulike typar feltgeologi, frå kvartærgeologi og glasialgeologi til prekambriske orogeniske og magmatiske prosessar. UiB ligg nær oljefelta i Nordsjøen, og har difor fantastisk tilgang til studieområde for petroleums- og marinvitskapleg forsking.
Geovitskap har fire forskingsgrupper:
Når du skriv masteroppgåve hos oss, vil du høyre til ei av desse forskingsgruppene.
Meir informasjon under
Studentintervju geovitenskap
Jobb
Med ein masterutdanning i geovitskap vil du kunne jobbe med bygging av infrastruktur som vegar og jernbanenettverk, tunnelar og bygningar, under havoverflata og på land – med andre ord, alle stadar på jorda der det bur menneske. Ved å utforske historia til planeten vår, forstår du samtida betre, og du kan dermed være med å jobbe for ei betre framtid.
Institutt for geovitskap samarbeider med petroleumsindustrien og internasjonale forskingsprogram, slik at di utdanning er relevant og attraktiv for framtidige arbeidsgivarar.
Dei med utdanning i geovitskap er verdsette fordi dei:
- Har solid fagkunnskapar i geovitskap
- tenker kreativt og er opne for nye idear i dagens samfunn
- arbeider sjølvstendig
- Kan bidra til å løyse samfunnsutfordringar som klimaendringar, miljøproblematikk og geofarar
- evnar å bruke den akademiske opplæringa til å løyse samfunnsproblem i sitt eige hundreår.
Våre tidlegare studentar får jobb i petroleumsindustrien eller som konsulentar i privat og offentleg sektor. Nokre held fram på doktorgradsstudiet (ph.d.) og ein forskarkarriere, anten ved UiBs senter for framifrå forsking i klimastudiar og petroleumsforsking, eller ved andre utdanningsinstitusjonar.
Les meir om kva du kan jobbe med
Oppbygging
Studieprogrammet byrjar om hausten og held fram i to år (fire semester). Undervisingsspråket er engelsk.
Studieprogrammet består av 60 studiepoeng med studieemne, og 60 studiepoeng med masteroppgåve.
Studieprogrammet har ikkje obligatoriske emne. I staden vil dei tilsette ved instituttet hjelpe deg med å avgjere kva emne som passar best for deg, basert på kva tema du har valt til masteroppgåva og den akademisk bakgrunnen din. Emnelista blir skreddarsydd etter dine behov, slik at du har kunnskapen og ferdigheitene du treng når du skal gå i gang med masteroppgåva.
I tillegg til kurs/emne i relevant geovitskap, tar nokon av studentane våre grunnleggande opplæring i dataprogrammering før dei startar med masteroppgåva. Andre må få opplæring i feltarbeid før dei reiser på ekskursjon/forskingstur.
Sjå liste over tema for masteroppgåve og masteremne her.
Studiekvardag
Institutt for geovitskap har eit godt, internasjonalt miljø. Kvart år held vi av fem plassar for kvalifiserte internasjonale studentar. Gjennom feltarbeidet, som kan vere ein integrert del av studieprogrammet, får du oppleve mange interessante stadar både i og utanfor Noreg.
Institutt for geovitskap leiar det nasjonale nettverket iEarth som tilbyr geofagleg utdanning med fokus på læringsmiljø og moderne undervisningsformer.
Programmet har fleire gonger blitt kåra til eit av dei beste programma ved UiB, nettopp fordi studentane trivast med faget, med samhaldet og med dei vitskaplege. I 2018 blei også programmet kåra til det beste geofagprogrammet i Norge. Det er vi skikkeleg stolte av!
Studieprogrammet
Studieprogrammet er satt saman av laboratoriearbeid, seminar, ekskursjonar og førelesingar. Timeplanen din vil bli tilpassa forskingsprosjektet du vel: Vi vil føreslå ei emneliste som er skreddarsydd etter behova dine (sjå Oppbygging). Dei fleste emna har obligatoriske læringsaktivitetar, men vi tilrår at du også er med på valfrie aktivitetar, der du lærer det som ikkje er inkludert i pensum og som kan vere til nytte når du skal opp til eksamen.
Sjølv om den daglege læringserfaringa er eineståande i seg sjølv, blir du i tillegg inkludert i eit tett samansveisa forskingsmiljø og i eit studieprogram der gruppearbeid står sentralt. Saman med andre masterstudentar og forskarar kan du ta del i feltarbeid som varer 2 til 4 veker (blir dekka av universitetet).
Fasilitetar
Som masterstudent har du tilgang til førsteklasses fasilitetar. Masterstudentar er viktige, aktive bidragsytarar i forskingsgruppene ved instituttet, og ved UiB kan du engasjere deg i banebrytande geovitskap. Instituttet har tilgang til to havgåande forskingsfartøy som er utstyrte for marin refleksjonsseismisk datainnsamling, og du får tilgang til eit stort utval moderne og oppdaterte laboratorie- og datafasilitetar.
Masteroppgåva
Før du startar på studieprogrammet, kan du velje forskingsområda du er mest interessert i. Interessene dine og den akademiske bakgrunnen blir lagt til grunn når ein skal finne eit masteroppgåvetema som passar for deg. Instituttet har i tillegg sterke band til UiBs to nasjonale senter for framifrå forsking innan klimastudiar og petroleumsforsking, som kan bidra med aktuelle val for masterprosjekt. Du finn aktuelle masterprosjekt ved instituttet her.
Kva lærer du?
Studieprogrammet har som mål å gi deg ein brei, generell kunnskap om geovitskap, i tillegg til forskingsferdigheiter innan den spesialiseringa du vel. Du lærer å:
- kombinere kvantitative og kvalitative geofaglege data, modellar og litteratur for å etablere ny kunnskap
- kritisk analysere vitskaplege informasjonskjelder og bruke desse til å analysere, drøfte og formulere nye idear innan geovitskap
- arbeide sjølvstendig og som del av eit team for å løyse samansette problem
Fullstendig liste over læringsutbytte.
Utveksling
Du kan studere på Svalbard (Universitetssenteret på Svalbard, UNIS) i ei periode av studieprogrammet, eller gjennom heile programmet dersom rettleiaren din er stasjonert der. Du kan også velje å delta i enkeltståande fagemne på Svalbard, eller vere med på sommarkurs.
I tillegg har du anledning til å reise til andre interessante område i Noreg, Norden, Europa og USA, og utføre feltarbeid. Du kan reise på feltarbeid/ekskursjon til desse områda:
- Bergen omland
- Hardanger
- Aust-Noreg
- Jæren
- Helgeland
- Malta
- Utah
Opptakskrav
Masterprogrammet i geovitenskap byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping i geovitenskap, eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
Bachelorgrad i geovitenskap (geologi eller geofysikk) med følgende spesialisering:
Geologi:
- GEOV101, GEOV102, GEOV103, GEOV104, GEOV105 eller GEOV114, GEOV107, GEOV109, GEOV110, GEOV111, MAT102 eller INF100
Geofysikk:
- GEOV101, INF100, GEOV111, MAT121, PHYS111, GEOV112, GEOV113, GEOV265
og to av MAT112, MAT131, GEOV102 og GEOV104
og to av GEOV107, GEOV254, GEOV272, GEOV276, GEOV277, MAT212, PHYS112 og PHYS113
(til saman 120 studiepoeng)
- GEOV101, INF100, GEOV111, MAT121, PHYS111, GEOV112, GEOV113, GEOV265
Eldre geofysikk-utdanning som óg kvalifiserer til opptak:
- Geofysikk-geologifordypning:
GEOV101, MAT121, GEOV111, PHYS101, GEOV112, GEOV113, MAT131, GEOV102, GEOV272, GEOV107, GEOV103 eller GEOV254, GEOV104 - Geofysikk-matematikkfordypning:
GEOV101, MAT121, GEOV111, PHYS101, GEOV112, GEOV113, MAT131, MAT112, GEOV254, MAT212, GEOV276
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i geologi/geovitenskap fra alle lærestader.
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i geovitenskap eller tilsvarande. NB! For søkere fra andre institusjoner enn UiB utreknast ein gjennomsnittskarakter på hele bachelorgraden.
Du må også ha:
- Fram til og med opptak med oppstart hausten 2025 tél ikkje INF100 (eller MAT102) på karaktersnittet ved opptak til masterprogrammet i geovitenskap med mindre karakteren i INF100 trekk karaktersnittet opp
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Korleis søke
På opptakssidene finn du meir informasjon om korleis du går fram for å søke opptak til studiet.
Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren, dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.
Søknadsfristen er 15. april for opptak til hausten og 1. november for opptak til våren.