Molekylærbiologi, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar20
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår (Vår: kun suppleringsopptak)
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Ein mastergrad i molekylærbiologi gir deg inngåande kunnskap, både teoretisk og praktisk, innan molekylærbiologiske prosessar og metodar. Kjennskap til teoretisk og praktisk molekylærbiologi er nødvendig for å kunne forstå og utforme ny kunnskap innan bioteknologi, samt biologisk og medisinsk vitskap.
Du får spesialisert kunnskap innan det området du vel som tema for masteroppgåva. I tillegg til oppgåver hjå forskingsgrupper ved instituttet har vi vanlegvis òg tilgjengelege oppgåver hjå andre institutt (på medisinsk fakultet), og hjå eksterne institusjonar som Havforskingsinstituttet, NORCE og/eller Haukeland universitetssjukehus.
Etter endt mastergrad kan du
- planlegge og gjennomføre molekylærbiologiske og biokjemiske eksperiment og kritisk vurdere resultata i forhold til hypotesen du testar
- presentere kunnskap om vitskaplege tema og forsking både munnleg og skriftleg
- arbeide både sjølvstendig og samarbeidsorientert i eit laboratorium
- lære å lese, vurdere og halde deg oppdatert på relevant litteratur
Fullstendig liste over læringsutbytte.
Meir informasjon under
Studiekvardag
Molekylærbiologi er del av Institutt for biovitskap (BIO), som du finn på Marineholmen nær Bergen sentrum. Dette er eit internasjonalt miljø med studentar og forskarar frå heile verda. Arbeidsspråket er engelsk.
Masterstudentane våre har eigen lesesal og område for sosiale aktivitetar i nærleiken av forskingslaboratoria, og det er tett samarbeid mellom tilsette og studentar.
Helix – studentorganisasjonen for molekylærbiologistudentar - er svært aktiv og inviterer master- og bachelorstudentar til å delta på ulike sosiale arrangement.
I ei vanleg veke som masterstudent bruker du mykje tid i laboratoriet. Du har også forelesingar, seminar, kollokvier, prosjektarbeid, presentasjonar og innleveringar. Det er eit travelt fulltidsstudium, med mange aktivitetar kvar dag.
Masterprosjektet er ofte del av eit større forskingsprosjekt, der studentane er ein naturleg del av forskingsgruppa. Du arbeider både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Kva kan du jobbe som?
Med mastergrad i molekylærbiologi kan du jobbe innan forsking og undervisning, både som vitskapleg tilsett og som støttepersonell ved universitet, høgskolar, sjukehus og andre forskingsinstitutt.
Du kan òg jobbe innan område som
-
bioteknologisk industri
-
biomedisinsk og farmasøytisk industri
-
matforsking
-
oljeindustri
-
marin forsking
-
rettsvitskap/-medisin
-
miljø- og klimaforsking
-
offentleg forvaltning
Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.).
Les meir om kva du kan jobbe med
Opptakskrav og søknadsfrist
- Statsborgarar innanfrå EU/EØS/EFTA har søknadsfrist 1. mars
- Nordiske statsborgarar og søkarar som bur i Noreg har søknadsfrist 15. april
Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren (søknadsfrist 1. november), dersom ikkje alle plassar blir fylt på hausten. Søk her
Opptakskrav:
Masterprogrammet i molekylærbiologi byggjer på ein bachelorgrad med 70 studiepoeng fagleg fordjuping i molekylærbiologiske og biokjemiske emne, 20 studiepoeng kjemi der 10 studiepoeng er organisk kjemi og 10 studiepoeng i matematikk eller statistikk.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i molekylærbiologi
- Karaktersnitt reknast frå snittet på den faglege fordjupinga i graden.
Eksterne bachelorgradar kan kvalifisere dersom dei har følgande fordjuping, og karaktersnittet reknast ut frå denne:
- minimum 15 studiepoeng kjemi, der 5 studiepoeng må være organisk kjemi
- 10 studiepoeng matematikk, det kan gjerne være et statistikk-emne.
-
70 studiepoeng i molekylærbiologiske- og biokjemiske-emne der:
- Minst 10 studiepoeng må være praktisk molekylærbiologisk laboratoriearbeid.
-
Minst 40 studiepoeng må omhandle noen av følgende tema:
- Innføring i molekylærbiologi
- Molekylær cellebiologi
- Regulering av metabolske vegar i celle og organ
- Gen-struktur og funksjon
- Bioinformatikk
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Studiets oppbygging
Første året som masterstudent i molekylærbiologi bruker du til å jobbe med emne (60 studiepoeng), det andre året jobbar du i lab og skriv på masteroppgåva (60 studiepoeng).
Nokre emne er obligatoriske, men dei fleste kan du velje utifrå faginteresser.
Slik kan studiet sjå ut, med oppstart om hausten:
Første semester (haust):
-
Praktisk biokjemi og molekylærbiologi (MOL300, 20 studiepoeng), obligatorisk
-
Valfritt emne på 200- eller 300-nivå (10 studiepoeng)
-
For eksempel Utviklingsgenetikk (MOL213, 10 studiepoeng), LIPID: molekylære, cellulære og biokjemiske eigenskapar i helse og sjukdomar (MOL210, 10 studiepoeng) og/eller Teknikkar, modellsystem og aktuelle forskingstema i molekylærbiologi (MOL220, 10 studiepoeng).
Andre semester (vår):
-
Strukturell molekylær biologi (MOL310, 10 studiepoeng), obligatorisk
-
Valfritt emne på 200- eller 300-nivå (20 studiepoeng)
-
For eksempel Nervesystemet sin molekylærbiologi (MOL214, 10 studiepoeng), Innovasjon i industriell bioteknologi (MOL232, 10 studiepoeng) og/eller Bioetikk (MOL270, 10 studiepoeng)
Tredje og fjerde semester:
Utveksling
Det er ikkje lagt opp til å dra på tradisjonell utveksling i vår mastergrad. I dei tilfella der rettleiar har samarbeidspartnarar i utlandet, kan det vere mogleg å reise i dit i ein avgrensa periode som ein del av eit masterprosjekt hos oss.
Vidare studiemoglegheiter
Etter fullført mastergrad kan du søke på lønt stilling som doktorgradsstipendiat (PhD) innan molekylærbiologi og tilstøytande fagområde, både i inn- og utland.