Senter for vitskapsteori (SVT) er ei tverrfagleg og interfakultær eining ved UiB med ansvar for forsking på, utdanning i og formidling av vitskapsteori.
Forskingsprofilen til SVT femner breidt, med fokus på kritisk refleksjon rundt tilhøvet mellom vitskap og samfunn. Senteret leier og deltek i forskingsprosjekt som studerer etiske og samfunnsmessige sider ved vitskap og teknologi.
SVT er medlem av det nasjonale fagrådet for vitskaps- og teknologistudiar og underviser i vitskapsteori og etikk i forskarutdanningane ved UiB. Senteret tilbyr også enkeltemner på bachelornivå, Danningsemner, og har programansvar for Mastergrad i berekraft.
Ønskjer du å vere på e-postlista vår? Send oss ein e-post!
Kalender
DANNINGSEMNER
Ideen bak danningsemna er å bygge universitetsfellesskap på tvers av etablerte faglege skiljelinjer og akademiske kulturar. Dette føreset at vi er i stand til å kommunisere på tvers av desse skiljelinjene og lære av kvarandre. På danningsemna meiner vi at dette bør starte tidleg i utdanningsløpet, men ikkje så tidlig at ein ikkje har rukke å forme ei fagleg haldning til kunnskap. I tråd med denne ideen blir danningsemna tilbydd til studentar frå alle fakulteta ved universitetet. Vi inviterer førelesarar frå ulike fag til å snakke om utfordringane vi reiser med utgangspunkt i deira respektive faglege perspektiv og forsking. Senter for vitskapsteori har det overordna faglege ansvaret for danningsemna. Du kan lese mer om emna her.
Kva er vitskapsteori?
Fagfeltet vitskapsteori er definert som filosofisk, historisk og samfunnsvitskapleg forsking på den rolla dei ulike vitskapane spelar i samfunnet og på kunnskapsteoretiske og etiske sider ved vitskapleg forsking og bruken av slik forsking. I moderne vitskapsbaserte risikosamfunn er det eit påviseleg behov for kritisk refleksjon og konstruktivt samarbeid på tvers av ulike fagmiljø, ofte på tvers av tradisjonelle skiljelinjer. SVT har som si særlege oppgåve å ta seg av doktorgradsopplæringa i vitskapteori og etikk ved dei ulike fakulteta, også her med ein tverrfagleg profil.
I tillegg til samarbeid på regionalt og nasjonalt nivå har SVT eit omfattande internasjonalt samarbeid med kollegaer og nærståande fagmiljø i Europa, så vel som i Amerika og Asia.
Ledige stillinger
- Førsteamanuensis - fagleg praksisleiar
- Stipendiat i reservoarfysikk - Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)
- MSCA RESCUER PhD Research Fellow in Applied and Computational Mathematics
- Ønsker du å jobbe i Informasjonssenteret ved Det juridiske fakultet?
- Lead AI postdoctoral research fellow position within Earthquake Seismology