Utviklar innovative løysingar
Etter hard konkurranse fekk 24 administrativt tilsette plass på UiBs første Tenesteinnovasjonsprogram. I seks intensive dagar lærer dei seg nye metodar og utviklar løysingar til nytte for heile organisasjonen.
Hovedinnhold
- Opplegget er kjekt og interessant, og vi lærer mykje. Det er også positivt at vi kan arbeide med aktuelle problemstillingar frå ein reell UiB-kontekst, seier Silje Marie Bjerkeng, som er seniorkonsulent på HR-avdelinga ved UiB.
Ho er ein av 24 deltakarar frå både sentraladministrasjonen, fakultet og institutt, som gjennom tenesteinnovasjonsprogrammet får opplæring i nye metodar til bruk i utviklinga av dei administrative tenestene ved universitetet.
- Det er i tillegg veldig bra at deltakarane er sett saman frå forskjellige delar av organisasjonen. Slik blir ein kjend med kollegaer ein vanlegvis kanskje ikkje ville ha møtt, og vi får også ulike perspektiv med oss inn i gruppearbeidet, legg Bjerkeng til.
Studier, forsking og administrasjon
Tenesteinnovasjonsprogrammet er ein del av Prosjekt tenesteutvikling, som er etablert av universitetsleiinga for å sikre fornying og utvikling av dei administrative tenestene ved UiB. Programmet går over tre samlingar, i oktober, november og desember. Totalt er deltakarane samla i seks heile dagar.
- Det er mykje jobb og lange dagar med eit intensivt opplegg. Men deltakarane har vist stor innsats og mykje engasjement, seier Ingrid Hernar Aastvedt og Hanne Sæle, som saman med Tor Sivertsen Prestegard er leigd inn frå Deloitte for å fasilitere gjennomføringa av programmet.
Dei seier at deltakarane har valt å fokusere på å utvikle kompetanse og løysingar for tenester på tre nøkkelområde ved Universitetet i Bergen; studiar, forsking og administrasjonen.
Raskt frå idé til prototype
- Det er ein rask og effektiv prosess frå idé til ferdig prototype, der deltakarane utviklar løysingar etter å ha testa sine idéar på brukarane. Det er også lov å prøve og feile undervegs, seier Aastvedt og Sæle.
Saman med Ingve Bergheim frå HR-avdelinga, som er UiB sin koordinator for programmet, fortel dei at deltakarane på første samling fekk nokre overordna retningsliner for arbeidet. Deretter har dei sjølve i stor grad teke avgjerslene om retningsval i det vidare arbeidet.
Bygger verktøyskasse
11.-12. desember finn den siste samlinga i tenesteutviklingsprogrammet stad. Her skal gruppene ferdigstille sine prototypar, og presentere dei for leiarar på universitetet.
- Ein ting er løysingane deltakarane finn på konkrete problemstillingar i løpet av desse samlingane, men minst like viktig er sjølve læreprosessen. Vi ønsker å bygge kompetanse for deltakarane, som slik får ei "verktøyskasse" dei kan ta med seg tilbake til dei ulike avdelingane i organisasjonen, seier Bergheim.