Hylla dei som skapar godt arbeids- og læringsmiljø
Universitetet i Bergen gir prisar til dei som skapar eit godt arbeids- og læringsmiljø. Her er årets vinnarar.
Hovedinnhold
Frå 2020 har Universitetet i Bergen (UiB) etablert den årlege Arbeidsmiljø-prisen. I tillegg har ein delt ut Læringsmiljøprisen sidan 2009.
Studentar og tilsette kan nominere kandidatar til Arbeidsmiljøprisen, medan kun studentane får nominere til den sistnemnde.
Prisane vart delte ut på UiB sin julesending frå Aulaen torsdag 17. desember.
Eit inkluderande miljø
Læringsmiljøprisen går i 2020 til Institutt for fysikk og teknologi på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
I nominasjonen vert det påpeikt at instituttet har gjort ein stor jobb for å skape eit inkluderande mijø, der studentane kjenner seg ivaretekne. Både dei meir erfarne studentame og dei fagleg tilsette får skryt for å skape fagleg forståing og entusiasme.
Instituttleiar Øyvind Frette synst det er kjekt at det er studentane sjølve som har nominert instituttet til prisen, og ein god motivasjon for vidare arbeid.
– Det er viktig for oss at studentane hjå oss skal trivast, og at dei skal kjenne at dei høyrer heime her. Det er også viktig for oss å høyre på innspela frå studentane om både faglege og sosiale aktivitetar. Eg trur heile instituttet har eit oppriktig ønske om at alle studentane våre skal få ein fagleg inspirasjon og entusiasme, og då får dei også eit best mogeleg læringsutbytte, seier Frette.
Øyvind Frette, instituttleiar for Institutt for fysikk og teknologi.
Pris til geovitskapleg lunsj
Den første Arbeidsmiljøprisen vert delt mellom to vinnarar.
Seminarserien Geolunch på Institutt for geovitskap har i meir enn ti år samla studentar, teknikarar og forskarar til vekentlege lunsjmøte.
«Geolunch har bidratt til å skape et godt arbeidsmiljø, fremme samarbeid mellom kolleger og utvikle en inkluderende identitet på tvers av fag- og ansattgrupper på Institutt for geovitenskap» skriv juryen i si grunngjeving.
Ritske Huismans tok i mot prisen i Aulaen. Han meiner prisen sender eit signal om at Geolunch har vore viktig for instituttet, både sosialt og fagleg.
– Geolunch-seminaret har bidrege til auka utveksling og kommunikasjon av forskningsresultater. Det har gitt unge forskarar og studentar ei anledning til å møte og diskutere med senior-forskarar. Eg trur også at det opna opp faglige horisontar for oss, vi har fått høyre om forskingsresultat utanfor våre eigne forskingprosjekt, seier Huismans.
Ritske Huismans, professor, Institutt for geovitskap
Lagar godt arbeidsmiljø på heile UiB
Jon Steine deler Arbeidsmiljøprisen med Geolunch.
Steine er leiar av IT-avdelingen sitt Brukerstøttesenter (BRITA). I juryen si grunngjeving vert han skildra som ein leiar som gjer sitt for eit godt arbeidsmiljø på heile UiB.
«Prisen går til en leder som har vist en unik evne til å se den enkelte medarbeider og som skaper gode arbeidsbetingelser for sine ansatte. (...) Han er genuint engasjert og legger til rette for at de ansatte skal lykkes og utvikle seg i jobben» skriv juryen.
Dei skriv også at Steine lagar programvare som gjer kvardagen for dei som skal hjelpe brukarane lettare. Juryen påpeiker også at han innførte praktiske smitteverntiltak under pandemien og dokumenterte dette i en video som andre kunne dra nytte av.
Jon Steine, BRITA