Hjem
Aktuelt
Forskning | Biologi

Små fisk kan spele stor rolle i Afrika

Småfisk som formeirer seg raskt kan vera eit viktig verkemiddel i kampen mot underernæring i dei fattigaste delane av verda. Det er konklusjonen i ein FN-rapport, der Jeppe Kolding frå UiB har vore førsteforfattar .

SMÅFISK MED STORT POTENSIALE: Betre utnytting av fiske i tørre regionar kan få mykje å seie i land sør for Sahara. Professor Jeppe Kolding er førsteforfattar på ein FN-rapport som konkluderer med at ein bør satse på fisk i tillegg til landbruk.
SMÅFISK MED STORT POTENSIALE: Betre utnytting av fiske i tørre regionar kan få mykje å seie i land sør for Sahara. Professor Jeppe Kolding er førsteforfattar på ein FN-rapport som konkluderer med at ein bør satse på fisk i tillegg til landbruk.
Foto/ill.:
Jeppe Kolding

Hovedinnhold

– Desse fiskane er som vitaminbjørnar for små barn, seier Jeppe Kolding, professor ved Institutt for biologi.

Han har vore førsteforfattar på ein rapport publisert av FN sitt organ for ernæring og landbruk (Food and Agriculture Organization, FAO). Før han vart biolog arbeidde Kolding tre år som sjukepleiar og jordmor i Kenya.

Et heile fisken

I Kenya såg Kolding korleis mødre brukte soltørka småfisk på berre nokre gram som tilsetning i maten ungane fekk. Ved å eta heile fisken, med bein og innmat, får ein i seg både kalsium, jern og andre viktige næringsstoff. Mange av disse mikronæringsstoffa er vanskelige å få tak i for menneska i regionen.

– Utviklinga av immunforsvaret og hjernekapasiteten hjå små barn er avhengig av visse aminosyrer som ein berre får gjennom mjølk eller fisk, seier Kolding.

Rapporten peiker på at tørre regionar sør for Sahara kan ha stor nytte av å satse på fisk som et supplement til kostholdet. Trass i innsjøar som tørkar inn og kjem tilbake att seinare, er det grunnlag for at visse typar småfisk kan leve i områda. Fisken kjem fort tilbake til område som har vore tørre, og kan formeira seg utruleg raskt når forholda ligg til rette for det. Rapporten fortel at samlet sett kan disse områda kan produsere minst 1,25 millionar tonn fisk per år. Dette tilsvarer en fjerdedel av den totale registrte fangsten fra det Afrikanske fastland.  

– Dette er hardfør fisk som er tilpassa forholda, seier Kolding.

Massivt potensiale

Ei betre utnytting av dette massive potensialet krever at myndigheiter byrjar å sjå på fiskeproduksjon i innlandet vert anerkjent som et ledd i jordbruksutviklingen med vassreservoarer. Kolding meiner at ein lenge har satsa på ein hest: landbruket.

– Ein lagar vassreservoar og gløymer at desse kan brukast til fisk. Dei fleste i områda har vore både fiskarar og bønder i generasjonar.

Han meiner forvaltingsapparatet er utdatert og feilaktig, særleg med tanke på reguleringar som gjeld maskestorleiken i garn. Ønsket er at fisken skal vekse seg stor før ein haustar han, og det er ulovleg å ta opp liten fisk. Årsaken til dette er mest økonomiske interesser, ikkje økologi, meiner biologen.

– Dette er heilt feil tankegang. Berre 0,01 prosent av fisken vert stor nok til å gå i dei store maskene. På den måten mister ein 90 prosent av energien, seier Kolding.

I tillegg til å vere eit viktig tilskot både økonomisk og ernæringsmessig, kan fisken spele ei rolle i tider med matmangel. Fisk som vert soltørka kan potensielt lagrast i årevis og brukast i naudsituasjonar, i følgje rapporten.