Hjem
UiBs Brussel-kontor
Podcast av Srib og UiB Brussel

BrusselBobla

Universitetet i Bergen sitt Brusselkontor har i samarbeid med Studentradioen i Bergen skapt podcasten BrusselBobla. Der får du høyre studentpraktikant Thea Lovise Vie ta deg med inn i vår verden her i Brussel!

BrusselBobla logo
Foto/ill.:
Clara Neegaard

Hovedinnhold

Kva er BrusselBobla?

BrusselBobla er podcasten for deg som ynskjer å forstå kva som føregår i Europahovudstaden opp mot dei ulike EU-institusjonane, EU sin eigen agenda og Norske aktørar i byen.

I dialog mellom studentpraktikant Thea Lovise Vie og kunnskapsrike Brusselfolk vil vi ta deg gjennom ei verd større enn du trur. Vi går gjennom kva EU er, korleis institusjonane operera i tillegg til ein tematisk gjennomgang av EUs agenda og den sin betydning for Norge. 

Kvar finn du BrusselBobla?

Du kan høyre BrusselBobla på både Spotify og Apple sin podcastapp! 

Kven har vi hatt besøk av? 

Her kan dykk sjå nokre av dei spennande aktørane som har gjesta BrusselBobla! 

Collage over nokre av gjestene i BB
Foto/ill.:
Thea Lovise Vie

Øverst frå venstre: Marit Aspaas, EU-delegasjonen; Thea Lovise Vie, podcast-vert; Olav Aamlid, Equinor; Kira Marie Peter-Hansen, Member of the European Parliament. 
Nede frå venstre: Margrethe Eide, Stavangerregionens Brusselkontor; Rønnaug Sægrov Mysterud, Norsk Hydro.