Momentum-forskarane i Brussel
Auka innsikt i Brusselmiljøet, EU og finansieringsmoglegheiter sto på programmet under den siste samlinga for karriereutviklingsprogrammet Momentum.
Hovedinnhold
Gjennom tre dagar har deltakarane i Momentum, karriereutviklingsprogrammet for unge framifrå forskarar ved UiB, vore i Brussel for å delta på sitt fjerde og siste seminar. Temaet for seminaret var internasjonalisering med fokus på å betre forstå EU sitt program for innovasjon og forsking, Horisont Europa.
Den første dagen fekk delegatane ein introduksjon til EU med oversikt over institusjonane den består av. Ein gjekk deretter i djupna på EU sin innovasjons- og forskingspolitikk for å skape eit heilskapleg inntrykk av viktigheita av dette for EU, og bakgrunnen for Horisont Europa.
Momentumdelegatane fekk og spennande presentasjonar gjennom dei tre dagane i Brussel. Geir Arnulf, spesialutsending for forsking ved Norges delegasjon til EU, heldt den første dagen presentasjon om Norges strategi for deltaking i Horisont Europa og om ERA (European Research Area). I tillegg kom Gabi Lombardo, direkør for EASSH (European Association for Social Sciences and Humanities), og snakka om tverrfaglegheit og samfunnspåverknad av forsking.
Gjestar stod og på programmet for dag to av Momentum i Brussel og gruppa kunne starte dagen med besøk frå Emmanuelle Gardan og Benjamin Martinez frå Coimbra-gruppa. Denne presentasjonen omhandla det europeiske nettverket for universitet, kva rolle dei utgjer og kva moglegheiter dei tilbyr delegatane. Utover dagen besøkte og Karin Totland frå Norges Forskingsråd og Ragnhild Sølvi Berg frå HK-dir UiBs Brusselkontor for å gje forskarane ei djupare forståing av Horisont Europa og Erasmus+. Som avslutning på dagen fekk delegatane fysisk besøke Det europeiske parlamentet og få ein leksjon i oppbygging og gjennomføring av parlamentariske samlingar.
Programmets siste dag gjekk til betre forståing av ERC, Det europeiske forskingsrådet i EU, og MSCA, Marie Skłodowska-Curie-programmet, i Horisont Europa. Delegatane fekk presentasjonar frå Benjamin Turner, ERC, og Anouk Lafortune frå MSCA.
Desse tre dagane har vore med på å gi unge forskarar ved UiB betre innsikt i EUs moglegheiter for finansiering av forsking, og korleis ein skal navigere seg fram i det komplekse EU systemet.
Deltakarane sjølv snakka om ny giv og lågare terskel for å søkje EU-midlar til sine forskingsprosjekt, og klårare overblikk over hjelpemidlar og støtte på UiB.