Fra naturkrise til løsninger - Norges vei mot naturavtalen (seminar 3)
I CeSAMs tverrfaglige seminarserie 2024-2025 tar vi tak i store og små spørsmål i skjæringspunktet mellom natur og politikk. Vi tar utgangspunkt i norske forhold, og setter et tverrfaglig søkelys på Norges implementering av naturavtalen. Alle velkomne!
Hovedinnhold
Seminar 3:
Naturen og loven
med Ingunn Elise Myklebust
Det første målet i naturavtalen handlar om å prioritere naturomsyna høgare i all arealforvaltning, noko som er heilt naudsynt om vi skal kunne stoppe tapet av natur innan 2030. Bit-for-bit nedbygging av areal er den aller største trusselen mot naturen, i Noreg som i verda elles. På møtet vil professor i rettsvitskap, Ingunn Elise Myklebust, utdjupe korleis kunnskap om tolking og bruk av lovverket, og særleg plan- og bygningslova, er viktig for å nå naturavtalen sitt mål, men også korleis det gjeldande systemet; reglane, forvaltninga og rollefordeling mellom stat og kommune, kan gjere det vanskeleg å nå måla.
Myklebust stiller m.a. spørsmål om det bør innførast tydelegare krav til arealrekneskap, forbodsreglar (som t.d. byggjeforbod på myr) og/eller sterkare statleg styring med kommunen si planlegging gjennom motsegn og eller andre former for statleg kontroll, for å kome på ein trygg sti i retning av naturavtalen sitt mål.
Les også kronikken vi har skrevet om tema.
Denne seminaret holdes på norsk.